Rask avgjerd om kraftlina

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statsråden leia sjølv høyringa i Bergen torsdag, der både Statnett, BKK og Hardanger-kommunar og mange andre fekk gje sine innspel i saka.

– Kva vil rask avgjerd seia heilt konkret. Før påske?

– Nei, noko tidspunkt vil eg ikkje gje. Berre at me vil lesa innspela grundig, og deretter ta ei avgjerd raskt og effektiv, seier Riis-Johansen til Hordaland.

– Ærleg debatt
Under høyringa på gamle ærverdige Hotell Norge i Bergen var Hardanger-ordførarane først i elden.

LES OGSÅ: Kan kutta 35 prosent av straumen

Ulvik-ordførar Mona Hellesnes viste til dei fire fagrapportane om sjøkabel, og understreka konklusjonen om at lina Simadal-Samnanger ikkje var avgjerande for sikker straumtilgang i Bergen. Med det som utgangspunkt, venta ho seg ein ærleg debatt om linevalet heretter.

Granvin-ordførar Jan Ivar Rødland takka ministeren for at regjeringa tok time-out i saka, og sa seg glad for rapportane som no ligg på bordet. Han gjorde likevel klart at uttalen frå Granvin herad ikkje vil koma før nokre dagar etter den fastsette høyringsfristen 21. februar, når saka er handsama for fullt heradstyre.

Kvam med på laget
Elles avviste Kvam-ordførar Astrid Farestveit Selsvold at hennar kommune vaklar i sjøkabel-entusiasmen. Ho kunne tvert imot visa fram eit heilt ferskt og samrøystes vedtak frå Kvam formannskap, der det heilhjarta vart understreka at sjøkabel framleis er einaste løysinga kommunen kan tilrå.

Frå fylket sin varaordførar Tom-Christer Nilsen kom det like eins full støtteerklæring til sjøkabel-løysinga. Diverre rekk ikkje fylkestinget å gje uttale innan fristen, måtte han likevel vedgå.

LES ALT OM KRAFTLINJE-BRÅKET!

Byrådsleiar Monica Mæland måtte derimot tilstå at i nett denne saka kunne ikkje Bergen gje noko klar uttale.

– Det skulle likevel ikkje verta nokon vane, la ho til.

Einaste ordførar som klart og utvetydig støtta Statnett si kraftlineføring i luftspenn var Samnanger-ordførar Marit Aksnes Aase. For hennar kommune var dette å ta samfunnsansvar, gjorde ho klart.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!