Valet fall på dans i Kvinnherad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namn: Siri Petersen
Alder: 25
Yrke: Dansepedagog
Adresse: Teigen, Kvinnherad

Siri Petersen kjem frå Oslo, men flytta til Kvinnherad på seinsommaren i fjor for å byrja som dansepedagog i kulturskulen. Ho trivst godt i jobben.

– Eg synest nesten det kjekkaste er når elevane løyser ei kreativ oppgåve på eiga hand, fortel ho.

Siri har ein bachelor frå Den Norske Balletthøgskolen med spesialisering innanfor danseterapi. Å få hundre prosent stilling som dansepedagog er ikkje alltid like lett, og Siri var førebudd på å måtta flytta på seg. Då ho søkte etter stillingar, var det fem ledige rundt om i landet, og valet fall på Kvinnherad.

– Kulturskulen her virka veldig etablert, som om dei visste kva dei ville ha. Eg fekk inntrykk av at det var eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer her.

Siri jobbar lange dagar. Ho byrjar på jobb klokka halv tre og er ferdig klokka åtte om kvelden.

SJEKK DEI NYE YRKESVAL-SIDENE VÅRE!

– Vekene går fort, og arbeidslivet går nesten i hop med fritida mi. Men det synest eg er greitt.

Ho fortel at ho bestemte seg tidleg for å gjera ein innsats for å trivast og verta kjend med folk i Kvinnherad. Ho fekk ei venninne til å flytta hit og har planar om å byrja med linedance på måndagar for å vera sosial.

– Førebels har eg planar om å bli i Kvinnherad og i jobben i to år. Eg vil gje det ein sjanse, og eitt år blir for lite. Men eg likar å studera, og til neste år vil eg gjerne studera og lesa litt ved sida av jobben. Eg vil utvikla meg vidare, for ein blir aldri utlært, smiler danselæraren.

LES SAKA I KVINNHERINGEN.NO