Døden kjem etter dagane

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg er meir som ei gamal dame, tuslar ut til postkassa i tøflane og drikk te med sitronskive i blomstrete koppar. Det er ikkje så ofte det er nokon eg kjenner som har gått bort. Likevel byrjar eg med dødsannonsane, kvar gong eg opnar avisa. Elska, kjære, gode og omsorgsfulle. Eg gret litt, og tenkjer at det faktisk er mykje kjærleik i verda.

Døden kjem etter dagane, kaffikoppane, mjølkeglasa og dei fyrste blåklokkene. Døden kjem etter vårane, intervjua, skrubbsåra og avisbunkane. Gløymer vi døden som ein del av livet, og har eit framandgjort forhold til den? Talar vi nok om døden? Kvifor skrive om døden på ei debattside for unge, tenkjer du kanskje? Kvifor skrive om døden når det skal handle om framtida?

Dagen før tjueårsdagen min var det ei dødsannonse, der ei som var like gamal som meg hadde gått bort. Kjenner ein det ikkje sjølv, er det ikkje lett å førestille seg at livet er over før fylte 20. Ikkje rynker, eige kontor eller den fyrste lovlege slurken med whisky. Ingen liv er like, men livet etter 20 er dagane etter studenthyblar, plakatar og treige sumarjobbar.

Eg funderar mykje over vårt forhold til døden i dag, sett i forhold til tidligare generasjonar. Var du 20 år i 1811, og ikkje i 2011 hadde du kanskje mista småsysken, leikekameratar og ein av foreldra dine. Var dagane gråare, blåare, og såg du dei betre? Folk døydde kanskje i det rommet der dei hadde vorte fødde, og kista stod heime til gravferdsdagen. No kjem døden oftare på institusjon. Vi senker kista med elektroniske senkeapparat eller forlet den i krematoriet, matter av kunstgras kan dekke jordhaugane ved grava. Då kjem distansen mellom oss, og jorda vi skal verte til. Mykje i liva våre er betre enn i 1811, og dette er nok ein illusjon, men sette dei livet høgare, det som såg døden i kvitauget oftare?

Etter dødsannonsen kjem gravferdsdagen, salmane, kvite blomar, og orgelbruset. Dei vakraste gravferdene fylgjer dei som er borte sine steg, gjennom kjøkkendøra og over tunet. Slik er det uansett kvar ein trur den som er borte er, bortsett frå seks fot under jord.
Det er så stort, og vi veit ikkje kva vi skal si. Ikkje til kvarandre og ikkje til dei som står nærast grava. Det er så vanskeleg, og så snur vi oss kanskje å går andre vegen. Vi er redde og ordlause, men like fult er det viktig at vi talar om døden. Vi lyt tale med dei som står nærast, dei som vert att og vi lyt tale om døden i det offentlege rommet.  

Det er mange ting i livet vi kan vera usikre på. Vi veit ikkje om vi finn kjærleiken, lærer oss å steike pannekaker eller finn det perfekte votteparet. Men alle skal vi jo døy, og miste nokon av våre næraste.

Det er lett å seie at vi bør tale meir om døden, og det er lett å reise ut på klisjeanes avenyar. Døden er ein del av livet. Men, dei gode historiene, klemmane, flyreisene, menneska, klementinane, teltturane, lukta av kanel og dei fyrste blåklokkene er framleis her. Så kanskje er det viktigaste når det handlar om døden, å vera i livet.