– Sjøkablar fire gongar så dyrt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjøkablar fire gongar så dyrt

Sjå nettTV frå lanseringa av rapportane!

– Eg trur rapportane til utvala vil gje oss viktig bakgrunnsmateriale i det vidare arbeidet vårt med å sikre kraftforsyningen til bergensregionen, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i ei pressemelding. Han skal no studere rapportane nøye fram mot høyringsmøtet den 10. februar.

Ifølgje E24, viser rapportane at sjøkabel kan kosta 4,5 milliardar kroner. Overføring over land vil til samanlikning kosta 1,1 milliard kroner. Ein vanleg norsk husstand vil få auka straumrekninga med 350 kroner i året, dersom regjeringa no går inn for å fleire sjøkablar. For berre Hardanger vil prisen bli 90 kroner meir i året for kva familie i 35 år.

Ikkje bruk for
Ein av dei fire rapportane har sett på sannsynet for straumkrise i Bergen dei næramste åra. Den konkluderer med at sjølv utan bygging av kraftlinjer vil bli få timar med straummangel dei siste ti åra.

Sist veke la Bellona og Bergen kommune fram ein rapport som viser at byen kan spara 29 prosent av straumforbruket sitt.

LES ALT OM KRAFTLINJE-SAKA!

Bevar Hardanger meiner denne rapporten viser at det ikkje er behov for inngrep i Hardanger-naturen.

AUF støttar kraftmaster
– Me treng grøn kraft og eit moderne linjenett for å skapa fornybare arbeidsplassar, seier AUF-leiar Eskil Pedersen i ei pressemelding, og signaliserer at AUF er positive til miljømaster i Hardanger.

Lenkje til rapportane!

Kva meiner du? Bør det byggast kraftmaster på land i Hardanger?

Faktaboks

Statnett fekk 2. juli 2010 konsesjon til å byggje ein 420 kV kraftledning i luftspenn mellom Sima og Samnanger. 10. august vedtok regjeringa å få gjort ein ny uavhengig gjennomgang av sjøkabelalternativ for deler av strekninga. Statnett starta arbeidet med linjebygging frå Samnanger hausten 2010.