Høgre desidert størst

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjokkmåling for Ap

Det blir utvilsamt reelle forandringar i mange kommunar etter kommunestyrevalet til hausten. Det viser den siste meiningsmålinga som Norfakta har gjort på oppdrag for Landslaget for lokalaviser (LLA).
I tilhøve til førre kommuneval går Høgre fram nesten 11 prosentpoeng, medan Arbeidarpartiet går tilbake over 7 prosentpoeng. Senterpartiet, som tradisjonelt er eit særs sterkt ordførarparti i Noreg, mistar òg veljarar med ein tilbakegang på 2,6 prosentpoeng i høve til valresultatet ved førre kommuneval.

Professor Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen er ikkje i tvil:

– Det er så store og valdsame utslag i lokalavisene si meiningsmåling at dette utvilsamt tyder forandringar ute i kommunane etter årets val. Blant anna vil me sjå mange nye ordførarar frå Høgre, òg fordi oppslutninga rundt Framstegspartiet er stabil, seier Frank Aarebrot i ein kommentar til tala.

FØLG VALKAMPEN HER!

Aarebrot understrekar at Senterpartiet, som sit på svært mange av ordførarposisjonar rundt om kring i landet, forhandlar både mot venstre og høgre i den lokale politikken. Det tyder at tilbakegangen ikkje automatisk tyder eit like stort ras av ordførarverv som målinga viser.
Barometret viser at ungdom under 30 år i grove trekk seier dei vil røyste det same som folkesetnaden elles. Ungdomen framstår altså meir moderat enn det som elles er vanleg, både under kommunestyrevala og skulevala.

LLA sin meningsmåling er ein del av lokalavisene sitt Ung & engasjert-prosjekt, eit arbeid som skal styrkja interessa for lokal politikk, særleg blant unge lesarar.

Faktaboks

Måling (val ’07)

Ap: 22,5 (29,6)
FrP:17,5 (17,5)
H: 30,1 (19,3)
KrF: 4,9 (6,4)
Sp: 5,4 (8,0)
SV: 6,7 (6,2)
V: 6,3 (5,9)
Raudt: 2,7 (1,9)
Andre: 3,8 (5,3)