Arrangerer filmfestival

Oppmodar lokale filmskaparar om å senda inn bidrag.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tredje klasse ved medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule arrangerer i år Sogndal Filmfestival 14. og 15. mars.

Klikk her for å sjå festivalen sine eigne heimesider!

– Me oppmodar alle ungdommar og elles filminteresserte til å sende inn bidrag til kortfilmfestivalen! Sjølve festivalen vert i Sogndal Kulturhus, vert det opplyst i ei pressemelding frå festivalen. Festivalen startar 14. mars med kinokveld.

– Der syner me Trolljegeren og Kill Buljo. Filmane er i samband med føredraga neste dag, då me har føredragshaldarar som filmprodusent, forfattar og skodespelar Stig Frode Henriksen (Kill Buljo, Tomme Tønner, m.m.), samt regissør André Øvredal (Trolljegeren) og Daniel Volle, filmprodusent og gründer av VolleFilms.

15. mars er det duka for fagdag med spanande føredragshaldarar. Om kvelden vert det gallakveld med prisutdeling, med kategoriane dokumentar, reklame, animasjon, fiksjon, publikumspris, samt ein fagjurypris. Innsendte filmar vert også synte fram.

– Alle i alle aldrar er hjarteleg velkomne både på kinokvelden, fagdagen og prisutdelinga.Fristen for å sende inn bidrag er 1. mars, opplyser Sogndal filmfestival.

LES SAKA I SOGN AVIS!