Å møta politikken

Britt Mari Engeskar
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det å kasta seg ut i politikken kan virka skremmande. Ein kan føle at ein kastar seg ut i eit stormfullt hav, der bølgjende tek deg med langt under vassoverflata, knusar deg og lar fiskane fortæra deg. Det å kasta seg ut i politikken kan verka lika skremmande som å hoppa i fallskjerm – ein veit ikkje korleis det kjem til å gå, men ein veit at adrenalinkicket vil ta deg til nye høgder.

Det er no skal fortelja litt om er mitt møte med politikken. Eg heiter Britt Mari Engeskar, er 18 år og kjem frå Øvre Suldal med eit innbyggjartal på 300, pluss minus. Eg anser meg som ein heilt vanleg ungdom – eg går på videregåande, har eit sosialt liv og bur på hybel.  På same tida har eg interesser som til dømes svartmetall og norrøn mytologi. Eg har også noko anna – eg har meiningar. Veldig mange ungdommar hevdar at dei ikkje er interessert i politikk. Men eg meinar at så lenge du har ei meining og eit eller anna, ja, så har du interesse for politikk. Viss du, som på lik linje med meg har meiningar om skulen eller om kommunen du bur i har godt nok kulturtilbod, ja, då kan du sjå – politikk er mykje. Politikk tydar ikkje nødvendigvis å gå i demonstrasjonstog eller delta i eit parti eller ein organisasjon. Politikk er noko for alle – rett og slett fordi kvar og ein av oss utgjer ein del av samfunnet me lev i. Og alle har vel ei meining om korleis ein har det, ikkje sant? Og ei meining om korleis andre burde og ikkje burde ha det?

Slike meiningar har eg. Og det har mange av dykk også. For tre år sidan, då eg starta på videregåande skule i Sauda, hadde eg meiningar, men det var ingen av dei som vart høyrt. Eg kunne gjerne hiva meg uti ein diskusjon på skulen og gi uttrykk for meiningane mine der, men det var veldig sjeldent at eg delte dei med vaksne. Ikkje fordi eg var redd for meiningane mine – eg har ikkje noko problem med å stå for det eg meinar. Eg berre følte at det ikkje var ein einaste vaksen i heile verda som var interessert i å høyre kva eg faktisk hadde å seie.  Men så kom der ein mann på skulen vår som var ute etter frivillige ungdommar til å vera med på eit prosjekt som skulle få fleire ungdommar engasjert i politikk som heitte “Mot til å Meina”. Eg var fyrst veldig usikker sidan eg ikkje sjølv var interessert i partipolitikk eller noko sånt. Men eg bestemte meg for å kasta med uti det sidan nokre av klassekameratane mine skulle vera med, for då virka det heile mykje tryggare. Men eg var fortsatt veldig skeptisk.

Me dro til Stavanger for eit “bli-kjent-møte” der me blant anna fekk velja ut ein reklamekampanje som skulle bli brukt for å provosera ungdommen samt å delta på “Deadline” hjå Stavanger Aftenblad. Gjengen var hyggeleg, og eg likte meg. Etter dette har det berre vert som ein snøball i nedoverbakke – kunnskapene mine har vakse drastisk, erfaringane mine har blitt mangfoldige, eg har betre sjølvtilitt og eg er ikkje redd for å seia kva eg meiner anten det er til utanriksministeren vår, læraren min, pappaen min eller kompisen min. Hadde eg eigentleg ein grunn til å vera småredd og skeptisk?

Men det å kasta seg ut i politikken er ikkje berre berre. Vertfall ikkje for oss ungdommar. Eg veit ikkje om fasitsvaret og den beste løysinga hadde vore å hatt fleire grupper som “Mot til å Meina”. Det hadde blitt dyrt, tidkrevande og mange hadde nok ikkje tatt seg den tida som ei slik gruppe treng. Men eg ser absolutt den positive effekten prosjektgruppa har hatt på oss som er med, det gjer eg. Men  kva andre måtar kan me eigentleg opne som arena for ungdommen, der dei ikkje treng å vera redd for å seia kva dei meinar?  For ungdommen treng utan tvil ein plass der ein kan utforska og utvikla seg som ein snøball.

Har du nokre gode idèar?