Søkjer student som sjef for 8600

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konsern- sjef? Berre studentar, takk!

Noregs største bemanningsbyrå, Adecco, treng nye kreftar om sommaren. I år har konsernet avgjort at ein heiltidsstudent skal få styra 600 tilsette og 8000 utleigde vikarar i staden for konserndirektør Anders Øwre-Johnsen.

– Det er utruleg mange unge talent der ute. No ynskjer me å gje éin av dei eit unikt høve til både å læra og visa seg fram, seier Øwre-Johnsen i ei pressemelding.

Godt betalt
Han er ikkje redd for at konsernet skal hamna i trøbbel med ein så ung og uerfaren person bak roret.

LES OGSÅ: Slik får du sommarjobb!

– Eg er heilt sikker på at me vil finne rett person, som både forstår kva for eit ansvar det inneber og som har noko å tilføra. Slik kan me òg få nye idear og tenkjemåtar inn i føretaket. Men eg kjem ikkje til å ta heilt ferie denne perioden, smiler Øwre-Johnsen.

Den tidlegare NHH-studenten vart sjølv konserndirektør som 34-åring, og lovar å hjelpa til med gode råd til den som får jobben.

Vedkomande skal blant anna leia eit nasjonalt toppleiarmøte og førebu budsjettforhandlingar.

Og løna: 100.000 kroner for ein månads arbeid.

Søk tidleg!
Øwre-Johnsen oppfordrar alle unge om å søkja sommarjobbar, uansett om dei finn nokre dei opplever som relevante for kva dei ynskjer å driva med eller ikkje. Nokre søkte sommarjobb allereie for eit halvt år sidan.

– Me ser at jobbsøkarane byrjar tidlegare og tidlegare, og blir stadig proffare. Me får våre første sommarjobbkandidatar når førre sommarjobb er avslutta, fortel konserndirektøren.

LES OGSÅ: Flest humanistar utan relevant jobb