Sjøkabel blir dyrare og vanskelegare
Fire utval legg fram innstillingane sine.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjøkabel blir dyrare og vanskeleg
Å byggja sjøkabel i Hardangerfjorden er både vanskelegare og dyrare enn først trudd, melder NRK i dag.
Botnen på Hardangerfjorden vart undersøkt i haust. Ein av konklusjonane er at det er bratt der kabelen skal gå ned i fjorden, og koma opp frå vatnet. Kabel i sjø blir òg dyrare: Kostnadsutrekningane frå 2006 tok ikkje omsyn til pris på anlegga i vasskanten. Totalprosjektet blir dyrt, melder NRK, utan å førebels oppgje nokon pris.
Legg fram rapportar
I haust klarte den store mastemotstanden å pressa regjeringa til å setja ned fire uavhengige utval skulle vurdera sjøkabel framfor kraftmaster.
Utgreiingane om kraftlinja i Hardanger skal overleverast regjeringa i morgon, tysdag 1. februar.
Kva meiner du bør gjerast i Hardanger? Er det ingen veg utanom kraftmaster?