Vann med trendy energikampanje

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vann med trendy energi- kampanje

Vinnarlaget Remember frå Odda vidaregåande skule vil bruka moteklede for å skapa energimedvit mellom unge.

– Me er veldig overraska og kjempeglade, smiler er svært nøgt Invild Ertsås Lutro (17) til ue.no etter at gruppa hennar vart kåra til vinnar av Nasjonal Gründercamp 2011 i Trondheim fredag ettermiddag.

23 lag hadde kvalifisert seg til finalen etter å ha vorte kåra til dei beste i fylka sine, men det var dei fem elevane frå Odda vidaregåande skule i Hordaland som til sist overtydde juryen. med mote- og klesmerket

”Remember” med humoristiske trykk og bodskapar på klede satsar dei på å opplyse unge folk om energieffektivisering.

– Dette er ein enkel idé, rett i eit tydeleg interessefelt for ungdom. Dei har kome opp med ein truverdig forretningsplan for å lukkast og har ein tydeleg og god salspitch. Her har vi eit heilskapleg konsept og beste treff på oppgåva, heitte det i grunngjevinga til juryen.

Gode presentasjonar
På andreplass kom elevane frå Ole Vig vidaregåande skule i Nord-Trøndelag med ein energispareapplikasjon. Juryen rosar ”Going Gründer”-konseptet deira som ein god forretningsidé og ein svært gjennomarbeidd presentasjon.

Tredjeplassen gjekk til Trondheim Katedralskole med haldningskampanjen ”Ungdom for energisparing”. Presentasjonen deira vart kåra til dagens beste salgspitch av juryen.

– Imponert
– Eg er imponert over det høge nivået på årets gründercamp. Det er utruleg inspirerande å oppleve engasjementet og kreativiteten. Ungdom er framtida si energibrukere og det er dei som skal utvikle den teknologien som skal til for å nå måla innan energieffektivisering. Nasjonal Gründercamp 2011 viser at det er grunn til optimisme, seier juryleder og seniorrådgiver Kjell Olav Skjølsvik i Enova.

Faktaboks

Gründercampen ”Framtida si energibruk” er eit samarbeidsprosjekt mellom Ungt Entreprenørskap og Enova SF. Gjennom hausten har det vorte arrangert lokale og fylkesvise gründercampar, før den nasjonale finalen i Trondheim. Totalt har 1800 elevar delteke.

Oppdraget frå Enova tok utgangspunkt i at det vil bli mangel på energi og at prisane på energi vil auke i årane framover. Dette vil krevje både reduksjon i energibruken og overgang til auka bruk av fornybar energi.