På jakt etter sommarjobb?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På jakt etter sommar- jobb?

Allereie i januar og februar startar mange bedrifter å lysa ut etter sommarvikarar. Dei mest populære sommerjobbane forsvinn først. Nokre av jobbane er utlyste i lokalavisa, medan nokre butikkar og kafear heng opp oppslag der dei ønskjer ekstrahjelp. Men langt frå alle jobbane er utlyste. Bruk nettverket ditt, og spør alle du kjenner: familie, venner eller naboar om jobb.

Møt opp!
Det kan også løna seg å spør i den bokhandelen eller avisa du kunne tenkja deg å jobba i.

– Ta med søknad og CV. Kle deg ordentleg og gå åleine, utan vennegjengen. Spør høfleg om å få snakke med dagleg leiar eller ho som er ansvarleg for tilsettingar. Kanskje tek dei i mot søknader for sommerjobb eller deltidsjobb. Ver òg førebudd på at dei kan spørje deg om eit lite intervju der og då, tipsar ung.no.

Kva slags jobb vil du ha?
Tenk gjennom kva du er interessert i. Arbeidsgjevar ynskjer motiverte tilsette. Eksempelvis så er det ikkje så lurt å søkja jobb i barnehage eller i aktivitetsskolen viss du hatar barnegråt og møkkete klede. Bruk søknaden til å få fram kva du kan bidra med, og kvifor du vil jobba der. Erfaring frå utdanning, arbeidsveke, hobbyar, verv og anna er bra å få med.

Sommarjobben er for mange det første steget på karrierestigen. Mange arbeidsgjevarar etterspør erfaring ved sida av relevant utdanning. Då er det viktig å velja noko som gjev deg relevant erfaring.


Kva er sommarjobbdraumen din?