Ungdomar på brestepunktet

«Nasjonal prøve» dirrar av nerve.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomar på breste- punktet

Det er det svartaste, mest burleske og minst realistiske stykket Bømlo barne- og ungdomsteater nokon gong har vist.

Den norske nasjonale prøven graderer klassar og skular etter kor flinke dei er. Ingen elskar nasjonal prøve, men det er ikkje denne motviljen som kjem til overflata i «Nasjonal prøve». Ein utvist elev skal ha sagt at han kan tenkja seg å drepa både elevar og lærarar. Frykta for at dette skal skje skaper ei forferdeleg stemning i klassen, og når hylekoret stig til uante høgder, viser det seg at det er fleire som har ein liten drapsmann i magen.

Det skal ingen ting til før elevane eksploderer. Dei skrik og bannar og kastar bøker som ligg overalt på golvet. Teateret har skaffa fleire hundre kilo bøker til dette stykket. Men elevane er ikkje dei einaste som har nervene i heilspenn. Også rektor skrik og kastar bøker. Ein vikarlærar viser seg først som venleg og avslappa, men erklærer til slutt at «Eg hatar dykk ungdomar!»
 
Medvite overspel
Aktørane gjer ein overtydande innsats. Ein må gjerne klandra dei for overspel, men det er nett det stykket legg opp til. Subtilitet og understatement er framandord her. Trass stykkets grove natur er det fortenstfullt at Bømlo barne- og ungdomsteater arbeider med slike sjangrar.

«Nasjonal prøve» vart vist tre gonger i Den svarte boksen i kulturhuset på Svortland i helga. Det var tolv aktørar i den fortetta atmosfæren i klasserommet.

Ungdomane har gjort mykje av arbeidet sjølve, men hatt god hjelp av teaterlærarvikar Nina Sele. Stykket er skrive av Maria Tryti Vennerød.

LES MELDINGA I SUNNHORDLAND!