Litt mindre Slankekrig, takk!

Sigrid Z. Heiberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Litt mindre Slanke- krig, takk!

Me i Noreg likar å skryte av at me er på likestillingstoppen. Politikarane set i gong tiltak på tiltak for å sikre kvinner  lik løn for likt arbeid, og me har kjønnskvotering i utdanning og i næringslivet. Siste skot er forslaget om tredeling av foreldrepermisjon.

TV-kanalane derimot, køyrer sitt eige løp. Den siste tida har det poppa opp fleire tv-kanalar som er ”kjønnstilpassa”. TV-Norge var tidleg ute og lanserte ”FEM”, som tilbyr oss kvinner ei rekke kvalitetsprogram som Ungkarskvinnen, Unge mødre, Modell på 1 dag, Slankekrigen og Den andre siden. TV 2 ligg ikkje langt bak, og gir oss med kanalen ”Bliss”  ei rekke gamle amerikanske  såpe- og dramaseriar som Melrose Place, Felicity, Beverly Hills 90210 og Frustrerte Fruer. I tillegg får me bli betre kjende med dei spanande kulturpersonane Petter Pilgård og Linni Meister. Hurra. Her er det verkeleg berre å invitere jentejengen på TV-kveld,  lage grønsaksdip og sladre om gutar og kosmetikk.

Mannfolka har sjølvsagt også fått sin eigen kanal.  Her er det sport og testosterson som gjeld. Gjennom program som Monstergarasjen, Dusørjegeren, Fartsbøller og Outlaw bikers, får det sterke kjønnet levd ut sine tøffe og manndige fantasiar. I tillegg får dei prisvinnande HBO-seriar som Braking Bad og Mad Men, og aktuell satire med Conan O`Brien. Med ein pils i handa kan gutane no ynskje fredagskvelden velkommen, fri for jenteprat og jåleri.

Det er mogleg det berre er eg som har for lite ”jentete” interesser, men verkar ikkje det heile litt urettferdig? Er det slik at berre fordi eg er jente, må eg holde ut med Petter Pilgård-reality og Eli Hagen som programleiar for dustetet skravleprogram? Ein kan få sure oppstøyt av mindre. Utdaterte såpeseriar frå 90-talet er heller ikkje på mi ynskjeliste. Og Jan Thomas? No må de jaggu gi dykk!

Eg seier ikkje at eg brenn etter å få med meg Dusørjegeren og Fartsbøller. Men det bør i grunnen ingen mannfolk heller vere interessert i. Likevel irriterar det meg grenselaust at medan gutane får sjå på dei beste seriane 2010 har å by på, som Mad Med og Top Gear, får eg berre sjå grinande tenåringsmødre og overtruiske middelaldrande damer.

Moralen bak desse nye TV-satsingane må jo vere at jenter helst skal vere opptekne av mote, romantikk, åndar, og me skal helst vere på evig slankekur. Mannfolk skal på si side like fart og bilar, kriminalitet, sport og politikk.

Kva århundre var det me levde i sa du? Og kvar er du når me treng deg, Audun Lysbakken?