Klar beskjed til politikken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho takkar prosjektet ”Mot til å meina” for at ho er blitt meir politisk engasjert. Tanken på å stå på ei partiliste var for to år sidan heilt uaktuell, men til neste års kommuneval stiller ho. For Suldal Arbeiderparti. Som ikkje er det einaste partiet som har prøvd å verva henne til innsats.

Språket skremmer
– Eg har forstått at politikarane gjerne vil ha ungdom på listene. Men sett utanfrå, snakkar politikarane så vanskeleg og uklart at eg trur mange unge blir skremde vekk. Eg reknar meg som ei dame med bein i nasen, men kjenner også på at eg er redd for ikkje å strekkja til. For ikkje å kunna nok om alt som er blitt sagt og vedtatt før, seier Engeskar (18). Som meiner målet om å få fleire unge engasjerte er ei god og viktig politiske merkesak.

TEMA: Lokalvalet 2011

– Det er så feil at det er dei eldre og middelaldrande mennene som skal sitja og vedta framtida, meiner Engeskar. Nesflaten-kvinna har eit todelt forhold til det å bli forsøkt rekruttert til partilistene.

– Fleire parti har kontakta meg. Men eg får kanskje litt kjensla av at somme mest vil ha meg som eit ungdomsalibi, for det er ikkje alltid like mykje informasjon å få. Det er ikkje nok å seia at ein vil ha ungdom med, politikarane må snakka klart og forståeleg slik at me får lyst og ser poenget.

LES SAKA I SULDALSPOSTEN!

Her er suldalspolitikarane sine reaksjonar etter at Britt Mari Engeskar gjekk ut med sviande kritikk av ei politisk språkføring ho meiner skremmer ungdommar vekk frå politisk engasjement.

Hans Erik Svennes (FrP) tar ikkje kritikken veldig personleg, men meiner politikarkollegiet må ta bodskapen frå Engeskar til seg.

Rainer Speth (H) seier han personleg får gode tilbakemeldingar på at han snakkar tydeleg og klart som politikar, men ser at dei politiske sakene fort kan bli prega av språk som er vanskeleg for utanforståande.

Ordførar Torkel Myklebust (Sp) er svært audmjuk i forhold til suldalspolitikken sin evne til å engasjera ungdom, men utfordrar også ungdommen sjølv til å hjelpa til med rett siktepunkt.

Trist
Tone Mari Sand (SV) sin første reaksjon på Engeskar sin kritikk er denne:

– Trist at ungdommen seier det. Men eg føler meg ikkje veldig truffen; eg meiner eg snakkar like klårt i politikar- som i lærarrolla.

Roar Obrestad (KrF) seier han tenkjer mykje på å formulera seg kort og gjerne med snert.

– Eg såg kva Engeskar sa og må seia eg ikkje trudde det var så gale.

Les Mot til å meina-bloggen!

Faktaboks

Berre 221 av dei 10946 kommunestyremedlemmane i Noreg er under 25 år.

Gjennomsnittspolitikaren er ein mann på 51 år.