– Barn og unge er til pynt
Ein ny rapport viser at regjeringa gløymer barn og unge i utviklingspolitikken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rapporten ”Meir enn fine ord” blei i dag, torsdag, lagt fram av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). Her kjem dei med fleire forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor. Kvar femte person i verda er mellom 15 og 24 år, og nesten 85 prosent av desse bur i fattige land i Sør. Likevel blir få unge frå Sør høyrt i saker som vedkjem dei.
– Barn og unge kjenner best sin eigen kvardag, og felt som klima og hiv/aids treng at unge er med på å påverka politikk og prosjekt som vedkjem dei. Ungdom er også dei som skal styre i framtida, og å inkludere ungdom er difor viktig for å sikre demokratisering i land i Sør, seier leiar i LNU, Bjarne Dæhli i ei pressemelding
Barn og unge berre ei sårbar gruppe
Rapporten syner, at i motsetnad til Bondevik II-regjeringa og Hilde Frafjord Johnson, har Erik Solheim vist liten merksemd til barn og unge i utviklingspolitikken. Medan Frafjord Johnson fekk vedteke ein eigen strategi for barn og unge i utviklingsarbeidet, har Solheim vald å fokusere på andre grupper og tema.
– Me etterlyser meir enn fine ord om barn og unge si deltaking i utviklingspolitikken, seier Dæhli.
I den fyrste Soria Moria-erklæringa vart ikkje denne gruppa nemnt i det heile. Og når barn og unge blir omtala i sentrale politiske dokument er det som oftast som ei ”sårbar gruppe” og ikkje som menneske som kan gjera ei endring sjølve.
Seks tilrådingar
Mangel på finansiell støtte til å delta på internasjonale fora er ein årsakene til at ungdom blir hindra i å delta i utviklingspolitikken. Internasjonalt er det også vanskeleg for ungdom å få tilgong til dei viktige møta. Her meiner LNU at Noreg kan bidra.
– Det trengs politiske prioriteringar om barn og unge skal bli høyrt. Regjeringa seier at barn og unge er viktige, men dette blir berre fine ord om Solheim ikkje gjer noko for å sikre deltaking, seier Bjarne Dæhli.
LNU-rapporten har difor seks forslag til korleis Norge kan få ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor.
LNU tilrår mellom anna at:
• norske styresmakter må sikre at barn og unge får delta i utviklingpolitikken på lik linje med andre prioritert grupper, som til dømes kvinner.
• norske styresmakter må syte for at barn og unge deltek og er aktørar i bistandsprosjekt som vedkjem dei.
• Utanriksdepartementet, Norad og ambassadar må få meir kompetanse på barn og unge si deltaking og støtte prosjekt der ungdom er aktive endringsaktørar.