Høgre og Ap like store
Men det er dei små partia som går fram på denne målinga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Høgre blir eit sterkt forhandlingsparti rundt om kring i kommunane etter neste års kommunestyreval, medan Arbeidarpartiet står meir og meir fram som eit by-parti. Slik kommenterer valforskar Frank Aarebrot den nye meiningsmålinga til lokalavisene. Den er nyleg utført av Norfakta for Landslaget for lokalaviser (LLA).
Høgre går rett nok tilbake 1,5 prosentpoeng samanlikna med LLA si måling i september, men partiet har framleis ein auke på heile 6,6 prosentpoeng i forhold til forrige kommunestyreval. Senterpartiet, som tradisjonelt har fått svært mange av ordførarverva i Norge, slit fortsatt i motbakke. Samtidig har Framstegspartiet ei oppslutning om lag som under forrige val. Hadde det vore kommunestyreval i dag, ville dermed Høgre truleg ha forsynt seg kraftig av ordførarverva i mange av kommunane i landet.
Meiningsmålinga viser at Høgre og Arbeidarpartiet no ville fått akkurat like stor oppslutning dersom det hadde vore kommunestyreval i dag. Etter at stemmene var telt opp under valet i 2007, var Ap over 10 prosentpoeng større.
Professor og valforskar Frank Aarebrot trur at Arbeidarpartiet har surra seg bort i sentrum-periferien og at Ap blir oppfatta meir vennlege overfor miljøvernungdomen i byane enn industriarbeidarane i distrikta, heiter det i ei pressemelding frå LLA.
LLA si meiningsmåling er ein del av lokalavisene sitt Ung & engasjert-prosjekt, eit arbeid som skal styrka interessa for lokal politikk, særleg blant unge lesarar.
Faktaboks
Ap: 25,9 (29,6)
H: 25,9 (19,3)
FrP: 17,2 (17,5)
KrF: 5,9 (6,4)
Sp: 5,5 (8,0)
SV: 7,3 (6,2)
Venstre: 5,9 (5,9)
Rødt: 1,8 (1,9)
Andre: 4,4 (5,3)