Julebrusen held stand

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt satsar Lerum på å produsera kring 600.000 liter julebrus denne sesongen, noko som svarar til 1,2 millionar flasker.

Vestlandet
– Det er det volumet me har lege på dei siste åra, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug, og fortel at det er det volumet dei har distribusjon til.

Dei første flaskene med julebrus vart sende ut alt i slutten av oktober.

Vestlandet er hovudområdet for julebrusen til Lerum.

– Han er også tilgjengeleg andre stader, men det er vorte litt slik med julebrusen at kvar landsdel har sin eigen, seier ho.

Folkeaksjon
Julebrusproduksjonen til Lerum var planlagt lagt ned saman med resten av brusproduksjonen deira, men ein folkeaksjon redda julebrusen i 2006.

– Det året klarte me å produsera kring 150.000 liter. Så var me oppe i 300.000 liter i 2007, og sidan då har me produsert kring 600.000 liter, fortel Lerum Hjellhaug.

Erfaringa frå dei sist åra er at dei får selt det dei produserer. Og Lerum har ikkje planar om å leggja ned julebrusproduksjonen.

– Nei, det blir jul framover også, seier Lerum Hjellhaug til Sogn Avis.

Kva er det du ikkje kan klara deg utan i jula?