Tett på Peter Pan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikalen Peter Pan er årets storsatsing frå Stord kulturskule og heile 120 aktørar i alderen ni til 19 år er med både på og bak scenen. Sju av dei skal halda omverda oppdatert på kva som skjer på øvingane.

Spektakulært og eventyraktig
Martha Leivestad (16) har fått rolla som Kaptein Krok på framsyninga og fortel at ho gler seg til å skriva på nett. Bloggarane er plukka ut frå bandet, teatergruppa og koret og skal nytta ein felles pc frå øvingslokalet.

– Eg har hatt min eigen blogg før, men no ser eg fram til å skriva om kor gøy det er med teater. Me får god sjølvtillit ved å stå på scene og framføra for store folkemengder, fortel ho.

Onsdag hadde fleire av aktørane øving i den nye dansesalen på Meieriet i Leirvik sentrum.

Første gong med amatørar
Musikalen om Peter Pan har ikkje vore framført av amatørar i Noreg før. Kultur-skulerektor Åge Vallestad seier det er tilfeldig at dei landa på akkurat denne musikalen.

– Me har hatt lyst til å gjera noko spektakulært og eventyraktig som ikkje er gjort før. Etter å ha sjekka ut diverse manus på nettet fann me at det er lite som er omsett til norsk. Men tilfeldigvis fann me Peter Pan og fekk ordna ein god avtale om rettar til manus og notar, forklarar han.

Magdalena From Delis står for regien og koreografien, medan Ian Kolstad har det musikalske ansvaret. Alle dei andre medverkande er kultur-skuleelevar.

– Alt får skodespelarar, dansarar og koristar til orkesteret som skal spela. Me har valt å bruka den originale musikken og har fått på plass eit ti mann stort band, fortel rektoren.

Åge Vallestad håpar at dagboka på sunnhordland.no kan gje eit innblikk i kva kulturskulen held på med.

– Sidan me har så mange unge med oss fann me ut at me kunne nytta sosiale media. Det gjeld å prøva ut nye ting, og akkurat dette er heilt nytt på Stord, seier han.

Premieren på musikalen er torsdag 9. desember. Etter det blir det tre offentlege framsyningar før kulturskuleelevane skal ha ei skuleframsyning for alle 7.-klassingane.

Les dagbok frå Peter Pan-øvingane!