Får student-fredsprisen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får student- freds- prisen

Prisen blir delt ut til studentar som har jobba for fred og menneskerettar verda over. Årets prisvinner vart annonsert torsdag klokka 10 i Oslo, og gjekk til lærerstudenten Duško Kostic frå Kroatia, som i ei årrekkje har arbeida for rettane til romfolket.

Komiteen grunngjev pristildelinga med at 32-åringen «har imponert komiteen med metodane sine og resultat. Kostic brukar utdanning og opplysingsarbeid for å byggja bruer og forståing mellom folkegruppene i dei tidlegare krigsherja områda, og arbeider målretta og langsiktig for å bryte ned stereoptypar som stigmatiserer romfolket.»

Kostic er grunnleggjar og leiar av organisasjonen Association of Roma Friendship «Luna», som jobbar med nettopp det å auka sjølvrespekten, byggja bruer og bryta stereotypar, noko komiteen òg legg vekt på.

I komiteen sit Ole Danbolt Mjøs, Gro Holm, Børge Brende og Vigdis Lian, som alle er hyra inn som ekspertar, i tillegg til fire representantar frå Norsk Studentorganisasjon og ein leiar frå Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH).

– Aktuell for heile Europa
Eirik Vikum er leiar for sekretariatet for Fredsprisen til Studentane. Han er godt nøgt med tildelinga.

– Det er ein veldig spennande tildeling, som er aktuell ikkje berre i Kroatia, men òg for Europa og Noreg. Arbeidet til Kostic står i sterk kontrast til det biletet av romfolket som vi vanlegvis ser i norske medium, seier Vikum til adressa.no.

– Debattpotensialet ved Kostic blir vurdert som stort. Kandidaten representerer ei gruppe menneske som svært mange har meiningar om, som ofte blir portrettert negativt i media og som har opplevt omfattande stigmatisering gjennom historia. (…) Overføringsverdien til andre marginaliserte grupper er stor, skriv nominasjonsutvalget i grunngjevinga si.

Fredsprisen blir delt ut i Olavshallen i februar, under Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim.

Faktaboks

TIDLEGARE VINNARAR:
1999:
 Antero
 Benedita
 Da
 Silva
 og 
ETSSC,
 Øst‐Timor

2001:
 Min
 Ko 
Naing 
og 
ABFSU,
 Burma

2003:
 ZINASU,
 Zimbabwe

2005:
 ACEU,
 Columbia

2007:
 Charm 
Tong,
 Burma

2009:
 Elkouria
 «Rabab» 
Amidane,
 Vest‐Sahara