Hestemoro for alle som vil

Lene Timland har sju hestar som ho let barn og unge stelle og ri.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er så heldig at eg får ha hestane mine i stallen på garden til Olav og Ellen Iris her på Johre, nordvest for Dalen i Telemark. I tillegg har me laga ein skikkeleg ridebane rett ved sidan av stallen i låven. Eg må berre takke alle som har gjort dette mogleg, smiler Lene Timland.

Hesteinteressa fekk Lene då ho var ni år gamal, og naboen fekk seg hest. Sjølv fekk ho sitt fyrste dyr som 18-åring.

– I tillegg jobba eg eitt år ved Klosterskogen ridesenter, fortel ho.

Starta med to
For tri år sidan skaffa ho seg hest på nytt, og tanken var å tilby rideopplæring for hesteinteresserte born og unge.

– Eg starta med to hestar og det har i grunn utvikla seg heile tida etterpå. No har eg altså sju dyr på stallen, og det er mange unge som er med og steller og rir på hestane, seier Timland.

22 jenter i forskjellig alder er meir eller mindre med på ridekurs, og nokre er også berre med å steller hestane.

– Nokre er med ein dag i veka, medan andre er med nesten heile veka. Dei får ansvaret for å stelle den hesten dei skal ri på, og eg trur det er viktig at dei skjønar kva som krevjast for å ha hest, meiner Timland.

Forståing
– Eg har vore med heile tida, og det er så moro. Hesten er eit fantastisk dyr som det går an å forstå. Å vere med på opplegget som Lene har fått til her, er viktig for å lære grunnleggjande kunnskap om hest, seier Ingebjørg Vinjerui Ekre (14).

Ho har også vore til Rauland på ridesenteret der, og ho har planane klare for kva konfirmasjonspengane ho satsar på å få til våren skal brukast til.

– Då skal eg kjøpe min eigen hest, det kan du vere sikker på, smiler Ingebjørg.

Lene Timland opplyser at ho har plass til fleire hesteinteresserte både til rideopplæring og til å stelle hestane. Rett nok er ikkje aktiviteten like stor om vinteren som om sommaren, men viser gradestokken at det er mildare enn 20 kalde, let det seg gjere å ri.

– Me må tenkje på helsa til hestane også, så blir det for kaldt held me dei inne. Og eg må vel seie at det er trivelegare å ri når det er litt varme i lufta, smiler ho.

For nybyrjarar
– Elles er det viktig å seie at eg kan lære vekk det grunnleggjande med tanke på hest. For dei som vil lære endå meir, er ridesenteret på Rauland ein god stad å halde fram, legg ho til.

Fleire av hestane har vore ved ridesenteret på Rauland, og er godt oppe i åra. Det passar greitt for Lene som gjev dei eldste hestane fridagar i blant.

– Det er veldig rolege og greie hestar. Dei er vande med born, og dei toler støy og aktivitet. Det er viktig når ein skal lære born og unge å ri og stelle dyra. Samstundes er det viktig å påpeike at all opplæring skjer under oppsyn, slik at me har det trygt og godt, forklarer Lene.

Ikkje lei
– Blir du ikkje lei av å stelle hestane og skuffe møkk, spør VTB Ingebjørg V. Ekre.

– Nei, møkking er ingen dritjobb, ler ho, og legg til at ho trur ikkje det går an å bli lei ein hest.

– Eg er her kvar einaste dag, og eg trivst med ansvaret eg har, skyt ho inn.

Ingebjørg har også prøvd seg litt i konkurranse med hest. Det gav meirsmak.

– Eg har vore litt med i sprangriding, og når eg får min eigen hest skal eg nok prøve meg endå meir, seier ho.

– Eg låner ut hestar til dei som vil vere med i konkurransar og på samlingar. Det gjer eg sjølvsagt berre til dei eg veit er i stand til å ta ansvaret, forklarer Lene.

Plass til fleire
– Det er så moro, eg skulle ynskje endå fleire vil prøve. Og gutane burde også kome, men dei er kanskje ikkje tøffe nok, smiler Ingebjørg.

– Om nokon skulle få lyst til å vere med, må dei berre kontakte meg, oppmodar Lene Timland.

LES FLEIRE SAKER FRÅ VEST-TELEMARK BLAD!