Inviterer til skrukkeparty

Dei innovative elevane la stor vekt på tilbod til eldre under årets innovasjonscamp på Geilo.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inviterer til skrukke- party

Eldrehjelp, kino for eldre, trim for eldre, Facebook og skype-opplæring for eldre, song for eldre og fest for eldre.

Det var mange smarte forretningsidear på Geilo fredag kveld.

Men dei som gjekk av med sigeren for beste stand, var jentene bak til «Geilotalenter», Karoline Odden, Camilla Øen, Guro Grøslandsbråten og Elisabeth Pålgardhaugen.

Ei veke til ende har elevane i 9. klasse ved Hol ungdomsskole jobba med Innovation Camp 2010.

Sjå video!

Ein oppfinnarkonkurranse i regi av Ungt Entreprenørskap. Det er 5. året at Hol ungdomsskole nyttar ei skuleveke på prosjektet, og årets oppgåve var sosialt entreprenørskap. Målet var å sjå moglegheitene – og gjere noko med dei. Vere med på å skape verdiar i lokalsamfunnet.

Elevane har jobba med kreativt verkstad og ideutvikling tidlegare i haust, så elevane skulle vere godt skodde for oppgåvene. Mellom anna har dei hatt besøk av Rune Lundsør, mannen bak mange små og store snowboardevents i Norge, som prata om gode idear og korleis kome på dei. To grupper fekk reise til delfinale i Hønefoss med ideane sine. Landsfinalen er i Kongsberg 20. november, men ingen frå Hol er representert der.

Fredag var det framsyning av idear på scene og i eigne stands.

13 grupper med elevar fekk gjere greie for sine idear og syne kreativitet både når det gjaldt framføring, marknadsføring og visuelle verkemiddel med film, logoar, brosjyrar og mykje anna.

LES SAKA HJÅ HALLINGDOLEN.NO!