Robin Hood sikta mot Børsen

Aksjonistar i grøne strømpebukser ønskjer skatt på ein halv promille.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag aksjonerte ei rekkje organisasjonar for den såkalla Robin Hood-skatten. Det handlar om ein skatt på 0,005 prosent på all handel med valuta, og i snitt 0,05 prosent på aksjar og andre verdipapir.

Benedikte Pryneid Hansen er leiar for Attac Norge. Ho meiner Robin Hood-skatten er ein veldig god ide:

– Finanssektoren må vera med på å betala for krisa. Det som først byrja som ei finanskrise, har blitt ei sosial krise. Auka arbeidsløyse og fattigdom har blitt resultatet. Då er det ingen grunn til at ein sektor som finansnæringa er så godt som avgiftsfri.

Hindrar skadeleg spekulasjon
Attac-leiaren meiner skatten kan vera med på å dempa den skadelege spekulasjonen og forhindra nye kriser.

– Fordi profittrata er så høg i finanssektoren, viser utrekningar at sjølv ein svært liten skatteprosent, kring 0,05 prosent vil kunne få inn over tusen milliardar kroner på verdsbasis. Desse pengane kan bli brukte på å hindra velferdskutt, og gje pengar til klimatiltak og ei global omfordeling.

LES SISTE NYTT OM SAMFUNNSØKONOMI!

– Kva meiner de om Noreg sin innsats for Robin Hood-skatten?

– Me er ganske nøgde med kva Noreg har gjort internasjonalt. Saman med fem andre land stod Noreg for å ta det inn i 1000-årsmåla til FN. Noreg har jobba for å få på plass ein formulering om dette i Nordisk Råd.  Men Noreg kan òg gjera fleire ting åleine. Det bør bli innført ein liten skatt på Oslo Børs, slik det allereie er innført på børsen i London. Og det kan innførast skatt på handel med den norske krona, seier Benedikte Pryneid Hansen, og seier at Attac skal passa på at Noreg fører ein meir offensiv politikk på dette feltet.

Samlar mange
Bak kampanjen står mange organisasjonar og parti: Forum for utvikling og miljø, Attac Norge, AUF, Kirkens Nødhjelp, Rødt, LO Oslo, Utviklingsfondet, Caritas, Spire, Sosialistisk Ungdom, Fagforbundet, Latin-Amerika Gruppene, Senterungdommen, Changemaker, Redd Barna, Norsk Folkehjelp, Framtiden i våre hender, Raud Ungdom, FIVAS, Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, KFUK-KFUM Global og PRESS.

Tysdag kveld skal Benedikte Pryneid Hansen i debatt saman med Håkon Gulbrandsen frå Utanriksdepartementet og stortingsrepresenant Alf Holmelid (SV) om Robin Hood-skatten på Litteraturhuset i Oslo.