Storeslem i sveise-NM

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I høgtidelege former vart Røskaft torsdag utropt til noregsmeister i sveis. Premieutdelinga var det kunnskapsminister Kristin Halvorsen som stod for. Etter tre dagar med sveising var det ein tilfreds og sliten Røskaft som kunne ta imot medaljen som viser at han er landets beste sveisar.

– Dette var kjekt, rett og slett knallartig. Oppgåva var komplisert og me hadde veldig kort tid på oss. Desto kjekkare var det å vinna, seier den ferske noregsmeisteren.

Sølvmedaljevinnar Remi A. Isaksen, også han frå Aker Stord, tykkjer òg det var stas å delta på Sveise-NM.

– Dette var kjempegreier. Det var ei krevjande tevling, med dyktige sveisarar. Eg vart litt stressa og småuroleg undervegs på grunn av tidspresset, men alt i alt er eg kjempenøgd, seier Isaksen. Røskaft kjem frå Kvål i Melhus, men bur og jobbar på Stord. Han tok til som lærling i Aker Solutions for tre og eit halvt år sidan. Isaksen kjem frå Steigen i Nordland, men har budd og jobba på Aker Stord i to og eit halvt år. Begge har fått opplæring og teke fagbrev på Aker Stord.

Mette-Marit på tilskodarbenken
Nordisk meisterskap nesteNM i sveisefaget er ein del av Yrkes-NM som vert arrangert anna kvart år av WorldSkills Norway.

SJÅ VIDEO FRÅ YRKES-NM!

Yrkes-NM vert gjennomført i Olympiaparken på Lillehammer i dagane 18.-21. oktober 2010. Arrangementet vart opna av NHO-direktør John Bernander og med Kronprinsesse Mette-Marit til stades. Aker Solutions har vore flittig deltakar i sveise-NM opp gjennom tidene, og har fleire norske meistrar, samt ein nordisk meister. Eddie Flatås frå Aker Stord har vore internasjonal dommar i nordiske meisterskap og i yrkes-OL i 12-15 år. Alle desse konkurransane inngår no i det som vert kalla WorldSkills. Vinnaren skal representera Noreg i den nordiske sveisemeisterskapen i Finland i veke 45. Deretter vil ein ha høve til å gå vidare til EuroSkills i Lisboa i desember.

Stolt opplæringsleiar
Det var ein stolt opplæringsleiar på Aker Stord som var vitne til at "karane hans" gjekk heilt til topps i meisterskapen.

– Dette gjekk veldig, veldig bra. Det gode resultatet viser at me gjer mykje rett i fagopplæringa og at det er kvalitet over det me held på, seier opplæringsleiar Leif Ottar Heimro i Aker Solutions på Stord. I finalen måtte deltakarane sveisa ein konstruksjon kor dei nytta fire ulike sveisemetodar. Heimro grunngjev det gode resultatet med den allsidige opplæringa som ein har vektlagt i opplæringa på Aker Stord.

– I finalen viste deltakarane at dei beherskar fire ulike sveisemetodar på tre ulike material, seier Heimro. På tredje plass kom Lasse Thrane frå Aibel i Hammerfest. Heimro fortel at også han har opplæringa si frå Aker Solutions.

– Det er jo litt artig at også bronsemedaljevinnaren har bakgrunn frå Aker Stord. Lasse gjekk heile læretida si hos oss, men har no flytta til Hammerfest, seier Heimro. Produksjonsleiar på Aker Stord, Einar Bjelland, er også tilfreds med det gode resultatet, og gir skryt til både deltakarane og opplæringsavdelinga på Aker Stord.

– Her snakkar me om dyktige, engasjerte og faginteresserte medarbeidarar som industrien vår er avhengig av for å kunne halda fram med å levera kvalitet i verdsklasse. Dette gir honnør til apparatet på opplæringsavdelinga og den jobben dei gjer for å læra opp gode fagarbeidarar, seier produksjonsleiar Einar Bjelland på Aker Stord.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!