40.000 drepne kvart år

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Livet kan vera beinhardt for fattig ungdom i brasilianske storbyar. Born heilt ned i 10-årsalderen blir rekruttert som væpna soldatar for dei store narkotikabandane, og kring 40.000 unge blir drepne av handvåpen kvart år. Til samanlikning er det rekna at til saman 100.000 er drepne i krigen i Irak, sidan invasjonen i mars 2003.
Slumområda veks, fattigdomen trugar og vald og kriminalitet gjer at håpet om ei betre framtid er ein fjern draum for dei fleste.

Vil gje håp til unge
– Det er ein utruleg tragisk situasjon som kan forbetrast, seier leiar for Operasjon Dagsverk, Simon Oliver Ommundsen til Framtida.no.

Dette året går Operasjon Dagsverk til tiltak for unge i Brasil.

– Gjennom prosjekta i Brasil kan me bidra til å forandra. OD vil styrkja kvaliteten på den offentlege utdanninga og gje ungdom håp om ein jobb og eit verdig liv, held Ommundsen fram.
OD vil òg sørgja for utdanning utanfor skulen, og bruke aktivitetar som hip hop, dans, musikk og data til å gje jenter og gutar tru på seg sjølv og høve til å berre vera ungdom. OD vil sikra prosjekt der meiningane til ungdomane om byen sin og eiga framtid blir høyrt og teke på alvor.

Lærer om Brasil

Internasjonal veke byrja denne veka.

– Me har laga til eit opplegg som mange av skulane som er med, bruker. Me har òg fått besøkande frå Brasil som dreg rundt og held føredrag, fortel Ommundsen.

Til no har nær 670 skular takka ja til å bli med på Operasjon Dagsverk. Det er betre enn i fjor.

LES OGSÅ: Ein skal høyre mykje rart

OD-leiaren var sjølv i Brasil for ikkje lenge sidan.

– Som nordmann blei eg mest overraska over storleiken på byane og kor mange folk det var der. Men eg må òg seia at eg blei overraska over engasjementet til ungdommane, og viljen dei har til å gjera noko. Det er ulikt alt anna engasjement eg har sett før.

Sjå video frå turen Simon O. Ommundsen hadde til Brasil:
 

Faktaboks

BRASIL
Folketal: 201,1 millionar
31 prosent lever under fattigdomsgrensa. Brasil er eit av landa i verda med størst forskjell på fattig og rik.

Cirka halvparten av ungdom i alderen 17–29 år har ikkje fullført grunnskulen. Nesten kvart tredje barn mellom 10 og 17 år er i arbeid, truleg er mange også yngre.

Talet på drap har gått noko ned sidan 2003, då det blei innført ei streng våpenlov. Likevel er talet drepne ungdommar mellom dei høgaste i verda. I 2004 blei éin av tusen gutar mellom 15 og 24 år drepen i Brasil, ifølgje WHO.

Les meir om kriminalitet i Brasil på Wikipedia!