Ungdom kjempar for asfalt
I vogga til skisporten, Morgedal, kjempar ungdom no for asfalt på vegen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fire unge engasjerte morgedølar undrar på kvifor Kviteseid kommune ikkje kan stelle og asfaltere vegen i heimbygda deira. – Mange stadar er asfalten så sliten at steinane kjem opp gjennom dekket, seier morgedølane.
For ei tid sidan fann Rikke Helen Roggert (13) frå Morgedal ut at ho skulle gå innom redaksjonen til Vest-Telemark blad og fortelje om vegstandarden i Morgedal.
– Morgedalvegen er kjempedårleg, særleg for dei som syklar. Kvifor har ikkje kommunen råd til å stelle og asfaltere denne vegen når dei har råd til ny fotballbane, idrettshall og ny asfalt utanfor desse anlegga i sentrum, undrar 13-åringen.
VTB møter nokre dagar seinare fire engasjerte jenter i Morgedal. Åttandeklassingen Rikke Helen Roggert og femteklassingane Åse Margit Aasheim, Svanhild Bjaaland Barstad og Ingebjørg Berge er alle samde om at det er på tide at kommunen pussar opp vegen i heimbygda.
– Det er fylt opp nokre dumpar, men då blir dei jo så fulle at det blir humpar. Og så er det mange sprekkar i vegen som sykkelen sporar nedi. Eg køyrde gale med sykkel ein gong eg, fortel Ingebjørg.
Jentene meiner at ein treng skikkelege terrengsyklar for å sykle på vegen i bygda.
– Tenk på dyra
Dei fire jentene kan vise til mange eksempel der vegen burde blitt ordna.
– Mange stadar er asfalten så sliten at steinane kjem opp gjennom dekket. Og foreldra våre må køyre slalåm mange stadar for å ikkje kome nedi dumpar eller slå oppi humpar, seier jentene.
Ingebjørg fortel også om opplevingar der ho har vore ute på hesteryggen, og hesten har tråkka nedi og nesten snubla i hol og sprekkar.
– Ein må tenke på dyra også, påpeikar Ingebjørg.
Mykje trafikk
Morgedølane fortel at det er mange som nyttar vegen i bygda, og om somrane er det mange tursitar som vitjar heimbygda deira.
– Turistane sit og ristar vettet av seg nesten, seier jentene.
Nå håpar jentene at politikarane og kommunen skal ta dei på alvor og få fokus på vegen i Morgedal.
– Eg tenkte eg skulle sende eit brev til politikarane, men nå les dei kanskje dette i avisa. Eg håpar vegen blir ordna snart, seier Rikke.
Ho undrar på kvifor det bare er dei verste hola i vegen som blir fylt og lappa.
– Hadde ein spara desse lappearbeida kunne ein vel heller lagt ny skikkeleg asfalt og fiksa vegen heilt, det kostar sikkert mykje å legge asfaltflekkar her og der også, undrar 13-åringen.
– Det er slike unge me ynskjer oss
Teknisk leiar i Kviteseid kommune, Else Ann Hauglid, er svært glad for engasjementet til dei fire jentene frå Morgedal.
– Det er kjempeflott at dei unge engasjerer seg, det er slike innbyggjarar me ynskjer oss i Kviteseid. Me må gjere så godt me kan for å finne gode løysingar for innbyggjarane våre, seier Hauglid.
Ho fortel at Kviteseid kommune har om lag 50 kilometer med kommunale vegar dei har drift- og vedlikehaldsansvar for.
– På budsjettet for 2010 er det sett av 710.000 kroner som skal gå til sommardrift- og vedlikehald av alle desse vegane. Dette er eit basisbudsjett, og om me ikkje kjem med innspel og ynskje blir denne summen lik kvart år. Vintervedlikehald med strøing og brøyting er på eit anna budsjett, fortel Hauglid.
Når det gjeld Morgedalvegen er Hauglid klar over standarden, men fortel at på grunn av pengane dei har i budsjettet held det bare til lapping av hol og andre små reperasjonar slik det har blitt gjort på bygdevegen i Morgedal til nå.
– Om ein skal ruste opp ein veg, leggje ny asfalt og reinske grøfter vil dette koste om lag 800.000 kroner for ei vegstrekkje på ein kilometer, fortel Hauglid.
Ho fortel at dei verste kommunale vegane har asfalt med hol og sprekkar, medan vegar med grus kan ein i det minste skrape for å halde tålig ved like.
– Ordalsvegen har me starta på og tatt vekk ein kilometer av asfalten, og me ynskjer å vidareføre dette arbeidet. Det er nok den kommunale vegen som er av dårlegast standard i dag. Elles så har me også Granlivegen som er dårleg og Åsgrendvegen. Så kommunen har mange utfordringar på veg framover, fortel Hauglid.
Ho skjønar at det kan vere vanskelig å forstå forskjell på ulike budsjett og prioriteringar og inviterar jentene til ein prat på teknisk eining på kommunehuset.
– Dei er hjarteleg velkomne hit til ein prat, så kan eg forklare dei litt meir om korleis dette fungerer, avsluttar Hauglid.
– Bra engasjement
– Det er bra at dei unge engasjerer seg, seier ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito.
Han fortel at det er Ordalsvegen som er fyrsteprioritert av dei kommunale vegane med tanke på opprusting akkurat nå, og at kommunen ynskjer å gjere seg ferdig der før dei tar fatt i nye vegprosjekt.
– Den kommunale Ordalsvegen er nok dårlegare enn Morgedalvegen, men eg er veldig klar over stoda i Morgedal også, seier Tveito.
Han meiner Morgedal er neste tettstad kommunen må jobbe med.
– Morgedal er eit naturleg satsingsområde i tida framover, det fortener dei. Her kan ein ta fatt i mange ting med tanke på tettstadutvikling, mellom anna forbetring av avkøyringa til Morgedal frå E 134. Men me må ta eitt stig i gongen, seier ordføraren.