Stoltenberg landa i Hardanger
Tok helikopter for å høyra meir om kraftmastene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
HARDANGER: Klokka 10.30 i føremiddag landa helikopteret med mellom andre statsminister Jens Stoltenberg om bord på Kjeåsen i Eidfjord. Derfrå bar det til Simadalen i bil.
Det er første gongen statsministeren er i Hardanger etter bråket om kraftmastene.
Stoltenberg vart synt rundt i kraftverket i Simadalen av mellom anna, regiondirektør i Statkraft, Jan Alne. Etter synfaringa, inne i fjellet, gjekk turen hans vidare mot Hardangerbrua.
Møtte ordførarane
Etter omvisninga på Hardangerbrua, gjekk turen vidare til Ulvik, over Ulvikahøgda og ned til Granvin. Der skal Stoltenberg møta Hardangerrådet sine seks ordførarar frå Granvin, Eidfjord Kvam, Odda, Jondal, Ullensvang og Ulvik. I tillegg møter også ordføraren i Samnanger. Stoltenberg trefte òg representantar for ungdomsrådet i Granvin, opplyser «Hordaland» sin journalist i Granvin, Sigrid Seim.