Stoltenberg til Hardanger

Statsminister Jens Stoltenberg er venta til Hardanger måndag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylkessekretær Roald Kvamme i Hordaland Ap stadfester at statsministeren kjem til Hardanger måndag for å møta partimedlemer og andre lokalpolitikarar. Reisa handlar som venta om den omstridde kraftlina mellom Simadal og Samnanger, skriv avisa Hordaland.

Start i Eidfjord?
 Kvamme tek atterhald sidan han ikkje er kjent med detaljane i det som vert planlagd, men seier Stoltenberg truleg vil starta synfaringa i Eidfjord, og Sima kraftverk. Seinare er det planlagt eit møte med Hardangerrådet og aksjonen Bevar Hardanger, i Granvin. Det er deretter snakk om båttransport frå Granvin til Norheimsund.

Atterhald
– Men uføresette ting kan dukka opp, seier fylkessekretær Roald Kvamme, som førebels ikkje kjenner den detaljerte timeplanen.

Må innfri partikrav
Ap-laga i Ulvik og Granvin la tidlegare i sommar ned arbeidet i laga sine i protest mot konsesjonen til 420 kV-lina gjennom Hardanger. Dei tok opp att arbeidet då lovnaden om vitjing frå statsministeren kom. Kvam Ap har også lagt ned arbeidet inntil vidare, og har på same vis kravd at Stoltenberg kjem til Hardanger og møter dei.

LES OGSÅ: Ingen grunn til å setja Jens Stoltenberg på pidestall!