Ingen grunn til å plassera Jens Stoltenberg på pidestall!

I løpet av dei seks åra eg har vore ein del av Granvin ungdomsråd, har me ikkje så heilt sjeldan blitt møtt med forbløffing over korleis me klarar å unngå å snakka oss rundt grauten. Me får ros for å vera uredde og å vera i stand til å formidla meiningane våre på ein direkte måte. Eg har fleire gonger undra meg over kva som er så spesielt med det – og gitt meg sjølv det svaret at det må vera eit ungdomsfenomen.

Dagens ungdomsgenerasjon er ikkje oppdregne må same vis som foreldregenerasjonen. I dag blir me oppfordra til å vera oss sjølve, stå fram og ikkje lata oss bli dulla med. I dag er det lov å vera kritisk til det meste, og då spesielt maktinnehavarane – ærefrykt for ”de høye herrer” høyrer fortida til. Jens Stoltenberg er like mykje menneske som kvar og ein av oss, om han så er statsminister aldri så mykje. Ingen grunn til å plassera han på pidestall! Dagens ungdommar lærer at alle er likeverdige, uavhengig av bakgrunn, kjønn, religion, yrke, alder og inntekt. Så kvifor skal me då gjera forskjell på folk? Kvifor skal me ikkje kunna snakka like direkte til kongen som til naboen? Eg meiner ikkje at me ikkje skal ha respekt for kongen; eg meiner berre at dersom alle er likeverdige – så fortener vel naboen akkurat den same respekten? Eg trur ungdommar generelt har ein direkte og uredd måte å kommunisera på – enkelt og greitt fordi me ikkje har lært noko anna. Kvifor skal me det?

I Granvin ungdomsråd har lokalpolitikarane møtt oss med respekt frå dag 1. Dei er oppriktig opptekne av å høyra på ungdommane sine innspel, tankar og meiningar – og det er nøkkelen for å få eit ungdomsråd til å fungera. Blir ein møtt med respekt og oppmuntring blir ein inspirert og motivert, og det blir kjekt å engasjera seg. Dessverre er det ikkje slik alle plassar. Mange kommunar som prøver å få i gang ungdomsråd, mislykkast fordi politikarane har problem med å ta ungdommane på alvor. Slik blir det ikkje eit godt samarbeid ut av.

Det er nesten komisk at eldreråd er lovfesta, men ikkje ungdomsråd. Kvifor skal ikkje ungdommar ha eit organ å uttala seg gjennom utan å måtta verva seg inn i eit eller anna politisk parti? Var det ikkje slik at alle skulle vera likeverdige? Me ungdommar kan kunsten å snakka frå levera. Me har kraft til å påverka, men politikarane må la oss bruke denne krafta utan å tvinga oss inn partipolitikken! Mange av politikarane rundt om i landet vårt, både lokalpolitikarar, fylkespolitikarar og stortingspolitikarar treng å innsjå at det faktisk kjem ein generasjon etter dei – og jo før dei involverer oss, jo betre. Det er faktisk me som er framtida.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.27

LES OGSÅ

ANNONSE