Høgre kaprar fleire ordførarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Eitt år før kommunevalet ligg Høgre an til å kapra ei rekke nye ordførarposisjonar landet rundt. Senterpartiet risikerer å mista ei røys med ordførarar. Det viser ei meiningsmåling som Norfakta har gjort for Landslaget for lokalaviser (LLA) rundt 365 dagar før neste års kommunestyre- og fylkestingsval.

Høgre går fram med heile 8 prosentpoeng i forhold til kva folk stemte på ved forrige kommuneval. Høgre og Arbeiderpartiet har no omtrent like stor oppslutning. Spesielt for Høgre ville eit slikt resultat på valdagen ha betydd mykje med tanke på lokal oppslutning og ordførarverv. For Senterpartiet er bildet langt mørkare.

Professor og valforskar Frank Aarebrot kommenterer den nye meiningsmålinga til LLA slik:

– Senterpartiet har opp gjennom åra hatt langt fleire ordførarar enn det valgoppslutninga deira tilseier, men LLA si meiningsmåling viser at Sp no får seg ein skikkeleg smekk på fingrane. Derimot kan Høgre gleda seg over meiningsmålinga. Dersom det hadde vore kommuneval i dag, ville Høgre ha fått langt fleire ordførarar og vi ville på nytt ha sett «bunads-Høgre». Tala viser dessutan at Høgre stjeler stemmer både frå Ap og FrP, seier Frank Aarebrot i pressemeldinga.

LLA si meiningsmåling er ein del av lokalavisene sitt arbeid for å styrka interessa for lokal politikk, særleg blant unge veljarar. LLA og lokalavisene har også sett i gang ei rekkje andre tiltak for å auka interessa for lokal politikk og kommunevalet 2011. Arbeidet er ein del av lokalavisene sitt Ung & engasjert-arbeid, som blant anna synleggjer lokalavisene sitt samfunnsansvar.

Parti    sept'10 (Val '07)
Ap        27,5 (29,6)
FrP       18,5 (17,5)
Høgre   27,4 (19,3)
KrF       5,2  (6,4)
Sp        5,8 (8,0)
SV        5,3 (6,2)
Venstre 5,6 (5,9)
Rødt      1,5  (1,9)
Andre    3,1 (5,3)

 

Landslaget for lokalaviser er ein av initiativtakarane og bidragsytarane til Framtida.no.