Gubbevelde styrer kommunane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Ved kommunevalet for tre år sidan var det totalt 3432 unge under 25 år som stod til val. 396 av dei fekk nok røyster til å koma inn i kommunestyret. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Talet på unge i kommunestyra er på veg nedover. I 2003 var det 46 fleire under 25 år i kommunestyra. Gjennomsnittsalderen er på veg oppover. Ifølgje ei oversikt frå VG Nett i desember i fjor er gjennomsnittspolitikaren ein mann på 51 år, men 60 prosent høgare inntekt enn landssnittet.

– Stanga hovudet i veggen
Stine Renate Håheim (Ap) synst talet på unge i politikken er for lågt. Ho blei med i kommunestyret i Nord-Aurdal som 19-åring. Det blei eit tøft møte med trong kommuneøkonomi, kutt og innsparingar.

– Eg følte at kommunestyret var dominert av middelaldrande menn som ikkje likte at eg stilte spørsmål. Av og til var det som å stanga hovudet i veggen, seier 26-åringen som no sit på Stortinget for Arbeidarpartiet i Oppland. Ho skundar seg å seia at det òg var lærerikt, og at ho saman med andre unge klarte å få ting til, mellom anna å hindra stenging av fritidsklubben i kommunen.

Håheim meiner partia har ein jobb å gjera for å få fleire unge inn i politikken.

– Kommunepartia bør tenkja nytt slik at ein rekrutterer fleire inn i politikken. Dei kan ha god nytte av å bruka det idealistiske engasjementet til mange unge, seier ho.

Fleire unge kvinner
Blant unge under 30 år er det kvinnene som er i fleirtal.

Medan det er fleire unge kvinner blant dei yngre kommunestyrerepresentantane, utjamnar kjønnsskilnadene seg for alle under 30 år. 51 prosent av alle kommunerepresentantar under 30 år er kvinner.

Forandringa skjer når kvinnene går ut i jobb og stiftar familie, ifølgje samfunnsforskar Guri Ødegård i boka Ung makt.

 

Kva meiner du skal til for å få fleire unge med i politikken? Del tankane dine med oss i kommentarfeltet!