Byrjar med best løn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Startløna for ein nyutdanna flygeleiar ligg i snitt på 568.000 kroner. Andreplassen går til kandidatar med utdanning i industriell økonomi frå NTNU i Trondheim. Siviløkonomar frå NHH i Bergen kjem på tredjeplass.

– Det er overproduksjon av siviløkonomar i Noreg og utlandet. Viss eg skulle tilrå utdanninger til nokre i 20-åra med ope sinn, ville eg foreslått dei litt sjeldnare faga som aktuar eller farmasøyt. Du får høg løn, sikker stilling og arbeidsgjevarane står på hovudet for å få tak i deg, seier hovudjeger Steinar Hopeland til HegnarOnline.

Her er lista:

1. Flygeleiarutdanning: 568.000( tillegg: 70.000)

2. Industriell økonomi:464.000 (tillegg: 50.000)

3. Siviløkonom (NHH): 458.000 (tillegg: ca.68.000)

4. Aktuar-utdanning: 450.000 (cirka)

5. Siviløkonom (BI): 445.000 (tillegg. 52.000)

6. Jus: 380.000 (tillegg ikkje inkludert)