Eg sit og er glad…

Framtida
Publisert
Oppdatert 15.11.2017 19:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Osland er med i klubben. Ho er ikkje lenger vanleg lærar, men ein av medlemane i skriveklubben. Derfor vil elevane skrive med ho. Og ho ynskjer verkeleg at dei skal kjenne seg glade.

Osland seier at ho ville vore ein mykje snillare og meir tolmodig norsklærar dersom ho hadde visst  kor vanskeleg det er å skrive godt.

– Lærarane må hjelpe elevane med skriveprosessen seier Osland og gir oss viktige stikkord:  forenkle, velje ut og organisere.

 

Fred på jord
Å skrive inneber at du må velje ut kva stoff du vil ha med, forenkle materialet du valde og organisere stoffet. Sjølv om ho var lærar i mange år, var det først etter at ho vart forfattar at ho til fulle forstod dette.

Frå si eiga skuletid hugsar ho stiloppgåver av typen: «Korleis kan det bli fred på jorda?»

– Eit stort spørsmål som er håplaust vanskeleg å gje svar på, seier ho og ber oss prøve sjølve!

– La elevane byrje med å lage omslag til boka si. Dette vil hjelpe dei til å få grep om teksten sin, seier Osland.

Så må dei samle stoff og velje kva dei vil ha med. Dersom du til dømes skal skrive om ein person, kan du ikkje skrive absolutt alt som har føregått i denne personens liv. Du må velje. Til dømes kan du gjere som Osland då ho skreiv biografien om Ivar Aasen og valde å skrive om 3 kjærleikshistorier i tilegg til den store kjærleiken hans, som ifylgje Osland var språket.

 

Startfasen
Somme gonger har ho lagt merke til at det er som om energien forsvinn i førebuingsfasen. Frodige, elleville munnlege forteljingar vert til flate, korte tekstar når dei skal skrivast på papiret. Ho rår lærarane til å ikkje gjere den innleiande fasen for omfattande.

– Ikkje krev at dei alltid må skrive langt, men la dei skrive tankane sine. Somme gonger kan du gje dei mønster å starte med, til dømes første linja i eit dikt og la dei spinne vidare på det.

 

Tre linjer
Ei linje er bra.
To linjer er imponerande.
«Jaså gut, tre linjer. Kva trur du far din seier til det?»

 

Ragnar Hovland, Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville, 1996

 

Fakta

Konferansen «Rom for lesing og skriving på nynorsk» vart halden i Volda våren 2007. Professor Frøydis Hertzberg og forfattarane Erna Osland, Maria Parr og Per Olav Kaldestad snakka om kor bra det er å lese, om å vera med i forfattarklubben, om strenge norsklærarar, fryktlaus fantasi og om god nynorsk litteratur.