Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Poeten og novellisten Charles Bukowski  fortel i ”Nedenom og hjem” om oppveksten sin i Los Angeles på tjue- og trettitalet.

Bukowski sitt alter ego Henry Chinaski lever saman med sine tyske foreldre i eit USA plaga av arbeidsløyse og førkrigsdepresjon. Faren er ein brutal mann og heile oppveksten til Henry vert prega av hysteriet og valdsbruken til faren.

Trasig oppvekst

I tenåra får han dessutan store plagar med kviser og byllar i ansiktet og på kroppen, noko som gjer at forholdet til det andre kjønnet ikkje vert heilt enkelt.

Tidleg i ungdommen byrjar Henry å skrive noveller, og når boka endar, er Henry kasta ut heime frå, på veg til å bli ein fullblods alkoholikar og samstundes i startgropa til ei lang forfattarkarriere.

“Kill your dog. Run for Mayor. Live in a barrel. Plant tulips in the rain.
But don’t write poetry.”

(Frå “Friendly Advice to a Lot of Young Men“)

Kamp med nevane og flaska

Dette er for så vidt tema gjennom heile boka: slåsskampane med faren og andre vaksne, slåsskampane med jevnaldra gutar for å få ein plass i hierarkiet, gleda over litteraturen,  og lengten etter dei uoppnåelege jentene som er inngangsbilletten til den seksuelle verda. Og ikkje minst handlar det om det som skulle bli det einaste livslange forholdet Bukowski kom til å få; det til alkoholen.

“and so

this is just another poem about drinking and listening to

music

repeat, right?”

(Frå diktet ”Me and Faulkner” frå 1992)

Bukowski har ofte blitt kategorisert som ein av beatpoetane. Sjølv meinte han ikkje at han høyrde heime i den båsen.

Prosjekt Hennie

”Nedenom og hjem”, eller ”Ham on Rye” som den heitte, kom ut i USA i 1982. I fjor kom den ut som lydbok på norsk, lest inn av skodespelaren Aksel Hennie. Det var, i følgje Ringerikes Blad, Hennie sjølv som sto på for å få laga lydboka.

Som film-Noregs ubestridte badboy verkar Aksel Hennie svært passande som Bukowskis stemme i ”Nedenom og hjem”. Historia er det ein kallar ”rå og usminka”, og sjølv om ein elles ikkje har noko forhold til Charles Bukowski, trur eg ein vil ha stort utbytte av å høyre ”Nedenom og hjem”.

Boka varar i 8 timar og 34 minutt.