Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Taxi for B.A Beckström – eller kunsten å danse på furu er skrive i beste Erlend Loe-tradisjon. Har du sansen for Loe sine naivistiske betraktningar, vil du truleg også legge din elsk på Edmund Austigard. Ja, kanskje vil du heve Austigard over Loe. For han viser ein ekstra styrke i sin litteratur, han skildrar menneske på ein så realistisk måte at det truleg vert hakket meir truverdig enn Loe.  Men aller mest handlar dette om humor, ein sår og enkel humor som du finn hjå båe forfattarane.

Språket er flytande og somme tider lett som ei fjør. Medan det andre stunder svingar mot det statistiske, det matematiske og tunge. B.A Beckström er ein matematikar, alt kan reknast ut eller setjast i ein graf. Hans verste mareritt er å øydelegge ein statistikk. Det gjeld om å vere gjennomsnittleg og normal. Austigard klarer på ein framifrå måte å få denne personligheiten fram, nettopp gjennom forteljarstemma og språket.

Dette er ei reise. Ei reise frå eit liv og mot noko nytt, annleis og litt draumeaktig. Livet til B.A Beckström har ikkje bydd på dei store kjenslene, heller ikkje dei store opplevingane. Men ei natt hugsar han betre enn andre: natta med Tordis for førtito år sidan. Kanskje vil han finne henne attende no?

Tante Åsta ligg for døden i Sverige, den einaste arvingen er B.A Beckström. Det er julaftan og hans eigen bursdag, i tillegg må han legge ut på ei reise saman med ein ukjent innvandrar.

Han har ikkje lyst til noko av delane, men han må.

Edmund Austigard rører med noko ekte hjå oss alle. Furugolvet. Me dansar også på furugolvet når me kan, me tek vare på det etter alle kunstens reglar. Furugolvet betyr noko for oss. Til og med boka si framside speler på det urnorske ved tresorten, det trygge og forutsigbare. Me veit kva me får når me legg furugolv.

PS. For den spesielt interesserte finn ein bak i boka ein grafisk framstilling av den sosialdemokratiske veksten i landet og ei utrekning av kor mange avissider som trengst til innpakking av djupfryst kjøtt når køyrelengda er over 220 kilometer.