Språkrådet åtvarar Halvorsen
– Utdanningsdirektoratets forslag til ny læreplan i norskfaget bryt til dels med norsk språkpolitikk, åtvarar Språkrådet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Åtvarar Kristin Halvorsen
– Redusert sidemålsopplæring vil svekkja nynorskkompetansen i samfunnet og gjera det tyngre å vera nynorskbrukar, åtvarar Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.
Læreplanforslaget har ordningar som går imot den språkpolitikken Stortinget har stilt seg bak, ved at nynorsk blir svekt. Det påpeikar Språkrådet i brevet «Bekymringsmelding om foreslegne læreplanar i norskfaget» til kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Reduserer nynorskkompetansen i samfunnet
Forslaget svekkjer opplæringa i nynorsk og legg opp til ein minimumsløysing for prøving i sidemål, skriv styreleiar Ottar Grepstad og direktør Arnfinn Muruvik Vonen i brevet.
– Med redusert sidemålsopplæring vil den samla nynorskkompetansen i samfunnet minka. Då blir det tyngre for ein nynorskelev å ta med seg språket sitt til skriftleg samarbeid med andre i studie- og arbeidsliv, seier Vonen.
Ikkje i tråd med Stortingets vilje
Stortinget har slått fast at bokmål og nynorsk skal vera likestilte, og at nynorsk må styrkjast for å gjera likestillinga meir reell. Kunnskapsministeren har fleire gonger uttalt at nynorsk skal styrkjast, og at situasjonen for elevane med nynorsk som hovudmål skal betrast.
– Læreplanforslaget manglar tiltak for å styrkja stillinga til nynorsk og nynorskelevane. Sidestillinga av målformene som finst i læreplanen i dag, blir veikt eller blir fjerna på fleire punkt. Forslaget er ikkje i tråd med verken Stortingets vilje eller statsråden sine uttalar, seier Arnfinn Muruvik Vonen.
Språkrådet meiner at ein ny læreplan burde styrkja opplæringa i begge målformer, til dømes ved å byrja skriveopplæring i sidemål tidlegare.