Adopsjonsforeining: Bufdir ikkje politisk nøytralt når dei tilrår adopsjonsstans

InorAdopt meiner Bufdir ikkje er politisk nøytralt når direktoratet tilrår full stans i adopsjonar til Noreg. Budfir avviser kritikken.

NPK-NTB-Fredrik Moen Gabrielsen
Publisert

– Det er heilt tydeleg for alle å lese kva tankar Bufdir har rundt internasjonal adopsjon, seier dagleg leiar Line Oseassen Onshus i adopsjonsforeininga InorAdopt.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) kom tysdag denne veka med ei tilråding om å stanse all adopsjon til Noreg fram til granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar leverer rapporten sin.

Bufdir meiner risikoen for at det skjer lovbrot innan adopsjon, er reell. Denne risikoen er ifølgje Bufdir på eit nivå som gjer at dei ønskjer ein mellombels stans fram til utvalet leverer rapporten sin om vel to år.

– Adopsjonsforeiningane set spørsmålsteikn ved om Bufdir i praksis driv politiske handlingar for å stoppe utanlandsadopsjon, seier Onshus vidare.

– Snudd på hovudet

Adopsjonsforeininga InorAdopt meiner Bufdir bryt den politiske nøytraliteten ved å tilrå full stans i adopsjonar til Noreg.

Ho påpeikar at fagleg sjølvstende, fagstyre og fagleg kompetent forvaltning står sentralt i legitimiteten til forvaltninga.

– Bufdir har fullstendig snudd dette på hovudet, seier Onshus.

– Eit fagdirektorat kan ikkje og skal ikkje setje ein politisk dagsorden – noko Bufdir utan tvil har gjort når det gjeld internasjonal adopsjon, seier ho vidare.

Det er opp til Barne- og familiedepartementet å avgjere om dei vil følgje tilrådinga frå Bufdir. Departementet har sagt at dei vil vente på ei nærare utgreiing for å kunne ta stilling til tilrådinga.

Avviser kritikken

Avdelingsdirektør Kristin Ugstad Steinrem i Bufdir tek avstand frå kritikken frå InorAdopt. Ho understrekar overfor NTB at dei ikkje driv politikk, men at dei utfører oppgåvene dei er sette til å forvalte.

– Ei av desse oppgåvene er å kontinuerleg vurdere og gi faglege tilrådingar om det norske adopsjonssystemet, under dette å løfte bekymringar til departementet ved behov. Det har vi gjort her. Bufdir har presentert fleire handlingsalternativ for Barne- og familiedepartementet og gitt vår faglege tilråding. Det er departementet som vurderer og avgjer korleis dette skal følgjast opp vidare, seier Steinrem.

Ho understrekar at Bufdir ikkje har vurdert om adopsjonar til Noreg er gjennomførte på uretteleg grunnlag, eller korleis systemet for utanlandsadopsjonar bør vere i framtida.

– Dette er innanfor vårt forvaltningsansvar som fagdirektorat med ansvar for adopsjonar i Noreg.