«YOLO» og «side boob» inn i ordboka

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«YOLO» og «FML» inn i ordboka

Ordet «side boob» kan best omsetjast til «sidepupp» på norsk – eit bryst som tittar ut på sida av ein avslørande kjole eller topp.   

Det er langt frå det einaste kreative nyordet som har fått plass i ordboka Oxford Dictionary på nett, som vert revidert kvart kvartal.

Andre nye innslag er «FML», «YOLO», «subtweet», «listicle» og «douchebaggery», skriv NRK.no.

LES OGSÅ: Vil du ha hen?

«YOLO» og «FML»
«FML» er slett ikkje ukjent for norske ungdommar, og vert i ordboka definert som ei «vulgær slangforkorting for 'fuck my life', nytta for å uttrykka at ein er forferda i ein frustrerande personleg situasjon».

«YOLO» – kort for «You Only Live Once» – er eit anna uttrykk som har fått bein å gå på verda over.

«Douchebaggery» er «avskyeleg eller forakteleg oppførsel», medan «listicle» er «ein internettartikkel presentert som ei nummerert eller punktmerka liste».

LES OGSÅ: Kranglar om seigmenn i ordbok

Språklege døgnfluger
Til NRK seier språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen at han trur det er ei stund til «YOLO» og «FML» finn vegen inn i norske ordbøker.

– Det er vanleg at norske ordbøker inneheld ein heil del forkortingar som er godt innarbeidd, men eg vil tru at «FML» og «YOLO» enno sit eit stykke inne, for å seie det slik. Dei er inntil vidare i bruk i relativt avgrensa miljø.

I dag nyttar norske ordbøker seg mellom anna av statistikk over bruken av eit ord for å kartleggje omfanget.

– Ordbokredaksjonane har i dag verkty for bruksstatistikk over ord som hjelper dei å ta slike leksikografiske vurderingar. Men eg trur dei vanlege ordbøkene til no har vore tilbakehaldne når det gjeld slike ord frå nettet. Nokre av orda kan nemleg syne seg å vere nærast døgnfluger, seier han.

LES OGSÅ: «Shitstorm» er no eit tysk ord

Nokre av nyorda i Oxford Dictionary på nett:

Amazeballs, adj.: (uformelt) veldig imponerande, underhaldande eller tiltrekkande

•  Binge-watch, verb: (uformelt) å sjå fleire episodar (av eit fjernsynsprogram) i rask rekkjefølge

•  Bro hug, subst.: (amerikansk uformelt) ei venleg omfamning mellom to menn

•  Clickbait, subst.: (uformelt) (på internett) innhald som har som mål å få merksemd og trekkje besøkande til ei spesifikk nettside

Cord cutting, subst.: (uformell) å kansellera eit betal-tv-abonnement eller ei fasttelefonlinje til fordel for ei alternativ nettbasert eller trådlaus teneste

Cray, adj. (også cray cray): (amerikansk uformell) crazy – gal

Deep Web, subst.: den delen av verdsveven som ikkje kan søkjast opp gjennom vanlege søkemotorar

Douchebaggery, subst.: (amerikansk uformelt) avskyeleg eller forakteleg oppførsel

Dox, verb: (uformelt) å søkje etter og publisere privat informasjon om (ein enkeltperson) på nettet, som oftast med vonde hensikter

• E-cig, subst.: (uformelt) elektronisk sigarett

Fandom, subst.: tilhengjarane av ein spesifikk person, eit lag, ein idrettsliga, og så vidare som kollektivt vert sett på som et fellesskap eller subkultur

5:2 diet, subst.: ein diett som går ut på å ete normalt fem dagar av ein sjudagarsperiode, og avgrense matinntaket de to andre dagane

FML, fortkorting: (vulgær slang) fuck my life! (nytta for å uttrykka at ein er forferda i ein frustrerande personleg situasjon)

Geocache, subst.: eit objekt som er skjult ein stad der koordinatane er posta på internett

Hate-watch, verb: (uformelt) å sjå på (eit fjernsynsprogram) berre for å kunne kritisere eller gjere narr av det i ettertid

Hot mic, subst.: (uformelt) ein mikrofon som er slått på, særleg ein som kringkastar eit utsegn som var meint å vere privat

Humblebrag, subst. og verb: (uformelt) (å seie/publisere) ein tilsynelatande beskjeden eller sjølvundervurderanse kommentar der det eigentlege formålet er å få  merksemd kring noko  ein er stolt over

•  ICYMI, fortkorting: (uformell) in case you missed it

•  In silico, adj. & adv.: (om vitskapelege eksperimenter) utført av eller produsert gjennom datamodellering eller -simulering

•  Listicle, subst: ein internettartikkel presentert som ei nummerert eller punktmerka liste

Live-tweet, verb: å poste kommentarar om (ei hending) på Twitter medan hendinga finn stad

Neckbeard, subst: (uformell) hårvekst på nakken til menn, særleg som eit teikn på dårleg kroppspleie

Octocopter, subst.: eit ubemanna helikopter med åtte rotorar

Responsive, adj.: skildrar ei nettside med sideutforming som endrar seg automatisk utifrå storleiken på skjermen den vert sett på

• Second screen, subst.: ei mobil eining som vert nytta samstundes som ein ser på fjernsyn, særleg for å få tilgang til supplerande innhald eller applikasjonar

• Side boob, subst.: (uformelt) sidedelen av eit kvinnebryst, synt fram som ein del av eit avslørande klesplagg

• SMH, fortkorting: (uformelt) shaking (or shake) my head (nytta for å uttrykkje at ein ikkje er einig eller irritasjon

• Subtweet, subst.: (uformelt) (på Twitter) ein post som viser til ein spesifikk brukar, utan direkte å nemne den, vanlegvis for å latterleggjere nokon eller noko i smug

• Tech-savvy, subst.: (uformelt) kunnskapsrik eller kyndig i bruk av moderne teknologi

•  WDYT, fortkorting: (uformelt) what do you think?

•  YOLO, fortkorting: (uformelt) you only live once (for å uttrykka at ein må nyte augeblinken)