Vil stoppa våpeneksporten til Saudi-Arabia

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag gjekk Europaparlamentet med overveldande fleirtal inn for å stoppa all våpeneksport til Saudi-Arabia. Dette skjedde veka før utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget avgjer blant anna om Noreg skal stansa våpeneksporten til Saudi-Arabia og andre undertrykkjande regime.

– Bør få følgje for Noreg

Årsaka til avgjersla er Saudi-Arabias deltaking i angrepskrigen mot Jemen og dei grove krigslovbrota som er gjort. Krigen starta mars 2015, og har kosta fleire tusen sivile livet. Sjukehus og skular har blitt bomba. Ifølgje FN er 700 barn drepne, og over 1000 såra i den blodige krigen.

– Europaparlamentet har tatt ei modig og viktig avgjersle, som sender eit tydeleg signal om at grensa er nådd. Det har me enno ikkje gjort i Noreg, seier Hanne Sofie Lindahl, leiar i Changemaker, ei ei pressemelding.

Ho seier at ho er overraska over at det tar så lang tid å koma med ein ordentleg reaksjon.

– Forbløffande

Både Storbritannia og Frankrike eksporterer militært utstyr til landet for store summar. Dei siste 11 åra har Noreg eksportert militært utstyr til Saudi Arabia for over 650 millionar kroner. Samstundes har Utanriksdepartementet framheva Saudi-Arabia som ein viktig og prioritert handelspartnar.

– Det er forbløffande at eit autoritært land som Saudi-Arabia, som både ligg i ein region der konflikt openbert ligg latent, som no er inne i ein blodig krig, og der menneske vert hengt for kva dei meiner – enno kan få norskprodusert forsvarsmateriell, seier Hanne Sofie Lindahl.

Stortingmeldinga som handsamar norsk våpeneksport ligg hos utanriks- og forsvarskomiteen, som skal koma med innstillinga si tidlege neste veke.

LES OGSÅ:Dei nye koloniherrane

Faktaboks

• Norsk våpeneksport til autoritære regime var 12,6 millionar i 2013 . I dag er nivået på 56,6 millionar.
• Den totale eksporten av norsk forsvarsmateriell har gått ned med 15 prosent frå 2013.
• Emirata tok i mot forsvarsmateriell for 50 millionar kroner frå 2002-2012. I 2014 åleine kjøpte dei militærutstyr for 44,6 millionar kroner.
• Både Kuwait og Emirata har mottatt såkalla A-materiell, våpen og ammunisjon.
• Oman og Saudi-Arabia har motteke kommunikasjonsutstyr.