Vil skapa meir demokrati i bygda di

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir bygdedemokrati

– Mobiliseringsprosessar går føre seg i alle lokalsamfunn heile tida, men dei fleste er diverre mislukka, seier Dag Jørund Lønning.

Han er professor i nyskaping og bygdeutvikling, og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB). Nyleg gav han ut boka «Dialogbasert utvikling». Ho er meint å vera ei handbok i mobiliseringsarbeid, det å folk til å delta i utviklinga av lokalsamfunna sine.

Retten til medverknad er nedfelt i plan- og byggingslova og gjeld alle framlegg til planar som vert fremja. Løysinga vert ofte å senda framlegga ut på høyring eller arrangera folkemøte, men det er ikkje godt nok, meiner Lønning.

LES OGSÅ: KrF-leiar er blitt homofavoritt

Snakkar ikkje saman
– Det offentlege mobiliserer helst for sine eigne idear, og det merkar folk. På informasjonsmøte kjem det gjerne mykje folk den første kvelden. Men dei opplever ofte at konklusjonane er trekte på førehand og misser interessa. Dermed kan dei fort verta mobiliserte som motspelarar i staden for medspelarar, seier han til Nynorsk pressekontor.

Utfordringa er å sikra at høvet til å påverka vert reelt, og at folk nyttar seg av det. Eit problem Lønning peikar på er at samfunnet vert stadig meir sektordelt.

– Byråkratar innan ulike sektorar får stadig meir makt, og det fører til at me får eit underskot på demokrati. I tillegg er det slik at dei ulike gruppene som har interesse i ei sak, til dømes landbruket, bustadbyggjarar og verneinstitusjonar, ikkje snakkar med kvarandre, og ikkje vil fira på krava sine. Dermed forsvinn dei gode samarbeidsprosessane, forklårar han.

LES OGSÅ: Oppvaskmøte om Ulstein i Sykkylven

Startar i feil ende
Lønning trur han veit korleis floken kan løysast.

– Når ein inviterer folk til møte må ein ha reell vilje til å ta vidare innspela ein får, og ikkje bruka aktørane som alibi for at ein har lagt til rette for medverknad, slik lova krev, seier han.

Han meiner lokale styresmakter ofte startar i feil ende når dei vil ha folk til å delta. Dei spør kva som manglar eller kva som må gjerast i lokalsamfunnet, medan spørsmålet eigentleg burde vore «Kva kan du gjera for å bidra i denne saka?».

– Eg kan bruka eit døme frå min eigen heimstad, Stord. Der vart det bygd stort nytt kjøpesenter, og hovudgata i Leirvik vart ståande tom. Det vart kalla inn til folkemøte, og engasjementet var stort. Problemet var at ingen heldt innlegg som handla om dei sjølve. Kommunen skulda på næringslivet, næringslivet skulda på kommunen, og dei andre som var der skulda på anten næringslivet, kommunen eller begge, fortel Lønning.

LES OGSÅ: 16-åringane skal stemma i Eid

Deltaking verkar
Han meiner me er for vande med at ting vert gjort for oss, me «vert verdiskapte» i staden for å driva med verdiskaping i lokalsamfunna. For å endra dette må ein be alle som har interesse av ei sak om å sjå på kva dei kan gjera for å nå måla sine i samarbeid med kvarandre.

– Når folk ser at bidraga deira betyr noko får ein snøballeffekt, og det vil verta enklare å mobilisera dei igjen, seier Lønning.

LES OGSÅ: Visste ikkje at dei skal stemma

Uroleg for framtida
Han er ikkje sikker på at kommunereforma som er på veg vil vera av det gode for lokaldemokratiet.

– Eg har registrert at regjeringa er oppteken av lokalt sjølvstyre og å leggja til rette for medverknad i reformprosessen, og det er bra. Det eg er redd for er at talet på politikarar vil gå ned medan talet på byråkratar går opp, slik det vart i Danmark då dei endra kommunestrukturen. Det treng me ikkje. Då vil me få politikarar som står fjernare frå dei andre aktørane, og endå sterkare sektordeling av samfunnet, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Ungdomsreformen