Vil overta vidaregåande

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit stort fleirtal på Troms Høgres årsmøte i helga røysta for at kommunane skal overta ansvaret for dei vidaregåande skulane i fylket, melder Kommunal Rapport.

Regjeringa har opna for ei prøveordning der kommunane overtar oppgåver frå staten og fylkeskommunen. Kommunalminister Jan Tore Sannar (H) har oppmoda kommunane til å søkja. Bergen har allereie søkt om å overta ansvaret for dei vidaregåande skulane sine, og fleire andre vurderer det.

No vil Troms Høgre gjere Troms til forsøksfylke. Årsmøtet gjekk inn for å søkja regjeringa om å få overført ansvaret for dei 14 vidaregåande skulane i Troms til vertskommunane. Forslaget kom frå Tromsø Høgre, med byrådsleiar Øyvind Hilmarsen i spissen. Byrådet i Tromsø vil etter alt å dømma følgja opp vedtaket. Det står att å sjå kva dei andre vertskommunane gjer.