Vil kutte støtta til folkehøgskulane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har ikkje noko imot folkehøgskulane, men me har faktisk komme til eit punkt der me må setje det viktigaste først, og då er ikkje sjølvrealisering det me burde prioritere å bruke skattepengar på. Dei bør heller brukast til å betre lærarar og tilbod innan skulehelse, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Lise-May Sæle, til Dagbladet, som først melde om saka.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Fjerne folkehøgskulepoeng
Fråsegna kom i samband med at medlemmer frå Unge Høgre i dei fire vestlandsfylka i helga er samla på Vestlandskonferansen på Flesland. Der har dei lagt strategi opp mot Unge Høgres landsmøte som skal haldast i juni.

Eit viktig punkt er at dei vil kutte den statlege støtta til folkehøgskulane, samt fjerne dei to studiepoenga året gir. Dei vil at folkehøgskular framleis skal vere eit tilbod i Norge, men at ein er nøydd til å finansiere det sjølv.

Unge Høgre-politikarane reagerer på at elevar får tilleggspoeng for folkehøgskuleåret.

– Eg er usikker på kva akademiske kvalifikasjonar det gir å stå på ski i Alpane, eller å lære å hekle i eit år. Likevel får desse ungdommane to tilleggspoeng. 

Det tykkjer eg ikkje er rettferdig ovanfor dei andre elevane som skal konkurrere om dei same studieplassane vidare, seier Peder Gjerstad, fylkesleiar i Møre og Romsdal Unge Høgre til Dagbladet.

LES OGSÅ: Nedgang for folkehøgskulane

1,5 milliardar
Lise Hammersland Mjelde, fylkesleiar i Hordaland Unge Høgre, seier til Dagbladet at folkehøgskuleåret er eit skattefinansiert friår som kostar staten rundt 1,5 milliardar kroner årleg.

Representantane frå Vestlandet har sondert terrenget i resten av landet, og kjenner seg trygge på at dette vert nasjonal politikk for Unge Høgre.

– Me som er unge bør tenke gjennom om me er villige til å gje vekk pensjonen vår til eit år på folkehøgskule, seier Morten Landråk Asbjørnsen, fylkesleiar i Rogaland Unge Høgre til Dagbladet.

Mobiliserer motstand 
Forslaget møter stor motstand frå folkehøgskulemiljøet.

Rektor ved Bømlo Folkehøgskule, Magne Flokenes, seier til Bergens Tidende at han ikkje trur samfunnet vil spara noko på slike kutt, og kallar forslaget «eit gufs frå fortida».

– Mi vurdering er at me tvert imot sparar store verdiar for samfunnet, fordi mange har stort utbytte av folkehøgskulen. Alt kan ikkje målast i pengar og nytte-kost-analyse, seier rektoren til BT.

– Folkehøgskulane vil mobilisere både dei tilsette og våre 7000 elever, seier Flokenes.

– Ikkje Høgre-politikk
Men forslaget fell heller ikkje i smak hjå representantar for moderpartiet. Henrik Asheim, representant i kyrkje-, undervisnings- og forskingskomiteen på Stortinget, avvisar til BT kraftige kutt i folkehøgskulane.

– Dette er ikkje Høgre-politikk, og det er heller ikkje noko me planleggjar å gjere. Folkehøgskulane leverer eit viktig tilbod til mange, seier Asheim til avisa.

Stortingsrepresentanten er likevel glad for at ungdomspolitikarane vil diskutere prioriteringar i utdanningssektoren og kallar debatten naudsynt og viktig.

– Samstundes bør dei hugse at utdanning aldri har vore eit plussrekneskap på kort sikt. Det er først på lang sikt me ser den verkelege verdien, seier Asheim.