Vil ha større fridom på skulen

Elevorganisasjonen meiner meir makt over timeplanen kan gjera elevar meir motiverte på ungdomsskulen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Denne våren kjem det ei heilt ny stortingsmelding om ungdomsskulen. Elevorganisasjonen har meiningar om korleis dei siste tre åra i grunnskulen kan bli betre.

– Elevundersøkinga frå i haust viser tydeleg at motivasjonen til elevane dalar allereie frå 4. klasse på barneskulen, og når det absolutte botnnivået på ungdomsskulen. Viss elevanei i større grad får velje kva dei skal jobbe med trur me at faga vil kjennast meir relevante, seier Andreas Borud påtroppande leiar i Elevorganisasjonen til VG Nett.

Ein fjerdedel
Elevorganisasjonen vil at elevane skal få råderett over cirka éin fjerdedel av timeplanen i faga matte, norsk, engelsk, samfunnsfag og naturfag.

LES OGSÅ: Får ikkje tilpassa undervising

– I praksis tyder det at faga i stor grad blir som før, men at skulane opnar for at elevane kan velje ein fordjupingsdel basert på eigne interesser i løpet av skuleåret. I norskfaget til dømes, kan ein sjå for seg at elevane vil fordjupa seg i mediehistorie, litteraturhistorie eller sakprosa, medan det i samfunnsfag kan vere historie, geografi, politikk eller filosofi, seier Borud til VG Nett.

Er det ein god ide å la elevane få bestemma meir over timeplanen?