Vil ha meir historie i vidaregåande

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinnegruppa Ottar Dahl er ikkje fylt eitt år enno, men har allereie fått til å setja dagsorden.

Tidlegare i år skreiv leiar Mari Hauge kronikken «Av menn, om menn, for menn», i Aftenposten.

Det er det dei vil; å setja fokus på kjønnsbalansen i eit fag, som berre har tjue prosent kvinnelege professorar på Universitetet i Oslo, der dei sjølv held på med masteroppgåvene sine.

LES OGSÅ: Kvinneleg universitetstilsette saknar likestilling 

Ikkje kvinnegruppa Ottar
I kommentaren skreiv Hauge om mannlege historielærarar, som sjeldan trekk fram kvinner i historietimane.

Korleis står det eigentleg til med kvinnene i historietimane i dag?

– Eg har ei vag kjensle av at det ikkje er vorte mykje betre etter at me slutta, seier Hauge.

Framtida.no møter leiaren i Kvinnegruppa Ottar Dahl på Kafé Niels på Blinderen, saman med styremedlemmene Ingrid Maria Lutnæs og Maria Flaten Gunstad.

Her samlast dei for å diskutere historie ut frå ein feministisk ståstad. Men la deg ikkje lure av namnet, Kvinnegruppa Ottar Dahl er slett ikkje tilknytta den meir kjende Kvinnegruppa Ottar.

Ottar Dahl (1924-2011) var ein historieprofessor ved UiO, som har hatt mykje å seia for det norske historiefaget. Eit fag som har vorte mindre vektlagt i den norske skulen dei siste åra – i alle fall om ein tel timar.

Dei tre historiestudentane er alle einige i at kuttet i historietimane på vidaregåande er til det verre for faget. Før kunnskapsløftet i 2006 fekk nemleg norske vidaregåandeelevar fem timar historie i veka – nesten dobbelt så mykje som i dag.

No får VG2 elevane på studiespesialiserande linje to timar historie i veka, medan VG3-elevane får fire timar. 

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette 


Når masterpresset ikkje er for høgt møtest Kvinnegruppa Ottar Dahl ein gong i veka  på Kafé Niels på Blinderen.

Kritisk halvering
Når lektorstudent Flaten Gunstad skal ut i arbeidslivet vil ho helst ha meir enn mellom to og fire timar i veka å lære bort faget sitt på.

– Historie er eit fag som krev eit djupare dykk enn tre timar i veka kan gje. Me må få igjen dei fem timane, slik at skulane kan reise ut på museum og få plass til engasjerande opplegg, som til dømes HIFO sin historiekonkurranse der elevane vert oppmoda til å utforske sin eigen historie, meiner den framtidige læraren.

Ho får støtte av Hauge, som meiner at faget ikkje vert prioritert i den norske skulen.

– At faget er nesten halvert er kritisk. Det betyr at ungdommar berre lærer kring halvparten så mykje historie.

LES OGSÅ: Slo Max Manus ned ein sjukepleiar? 

Usynlege kvinner
Historie er eit fag som ikkje står skrive i stein. Å prioritera noko, betyr å nedprioritere noko anna. Dei tre meiner at i historieformidlinga har kvinnene og dei store linjene i samfunnsutviklinga vorte nedprioritert til fordel for dei store verdskrigane og revolusjonane.

– Det er ikkje eit problem at det vert fortalt om menn og krig. Ein skal ikkje snakke om kvinner, berre fordi dei er kvinner. Problemet er at det verkeleg ikkje vert trekt inn kvinner, seier Lutnæs.

Dei trur at fleire kvinnelege historielærarar kan bidra til å verte kvitt fordommane om at historie er eit fag for gamle, gråhåra menn. Aller helst bør historieblada bort frå mannehylla på Narvesen. Og kanskje kan fleire kvinnelege lærarar og lærebokforfattarar bidra til ei meir kjønnsbalansert framstilling av historia.

– At det er få kvinner i historiefaget, kan bidra til at elevane ser fortida som meir eindimensjonal enn ho er. Gutane ser at menn tek større plass i historia enn dei kanskje gjorde, medan jenter – som ser på historia for å finna sin eigen identitet – kan lura på kvifor det er så få kvinner der, og om det er fordi dei er mindre verdt, avsluttar Hauge.