Vil ha kritisk tenking i skulen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lanserer nytt fag i skulen

Stortingspolitikar Jette Christensen (Ap) legg fram forslaget i dag, skriv Dagsavisen. Ho meiner tida er kommen for å forlenga lista over grunnleggande ferdigheiter i grunnskulen. No skal kritisk tenking komma på lista.

LES OGSÅ: Noko skurrar i Osloskulen

Kjempeviktig
– Det er kjempeviktig at dette no blir ein del av dei grunnleggande ferdigheitene me har, fordi skulen skal vera der for å rusta kvart enkelt menneskje til å takla livet sitt best mogleg. Då må dette vera ein av dei viktigaste ferdigheitene me ønskjer å gi til kvar enkelt, seier Jette Christensen til Dagsavisen.

Det er hendingar som den arabiske våren, eurokrisa, karikaturstriden og oppveksten av Facebook som er bakgrunnen for forslaget. Dei grunnleggande ferdigheitene som står i Kunnskapsløftet no har vore der sidan 2004.

Ferdigheitene som står i Kunnskapsøftet i dag er lesing, skriving, rekning, munnleg formulering og meistring av digitale verktøy.

LES OGSÅ: – Handlar om kva slags liv dei får som vaksne

Skepsis
Høgre er ikkje begeistra for forslaget til Christensen.

– Dei største utfordringane i norsk skule er at mange elevar ikkje får med seg grunnleggande ferdigheiter tidleg nok i skuleløpet. Det er vanskeleg å tenka kritisk om ein ikkje kan lesa eller skriva skikkeleg. Difor må me ikkje vatna dei grunnleggande ferdigheitskrava me har i dag, seier Henrik Asheim (H).

LES OGSÅ: Flinkare på skulen med nynorsk