Vil ha forbod mot Canada Goose-jakker

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vedtaket på landsmøtet er veldig progressivt, seier Unge Venstre-leiar Tord Hustveit til Framtida.no.

Ungdomspartiet fekk gjennomslag for at partiet skal jobba for eit forbod mot import av pelsprodukt frå oppdrett. Forbodet kan først koma viss pelsdyroppdrett blir forbode i Noreg, noko Venstre jobbar for. 
Partiet vil òg forby import av pelsprodukt frå fangsmetodar som er forbode i Noreg.

Dei populære Canada Goose-jakkene har vore utsett for sterk kritikk frå dyrevernsorganisasjonar. Dei er produserte med ein fangstmåte som er ulovleg i Noreg i dag. 

Hustveit seier til Framtida.no at dei kan bli ulovlege om Venstre får det som dei vil.

– Det kan skje. Forslaget vårt vil gjera at det ikkje blir mogleg å selja Canada Goose-jakker med pels som kjem frå fangsmetodar som er ulovlege i Noreg.

LES OGSÅ: Unge Høgre snur i peldyrsaka

Landsmøtet vedtok òg forbod mot import av gåselever produsert ved tvangsfôring, ifølgje Nationen.