Vil gjere det strengare og dyrare for privatistar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- For mange privatistar

Det er for mange privatistar i vidaregåande skule, og Utdanningsdirektoratet vil derfor rydde opp i privatistordninga. Direktoratet foreslår ei tredobling av prisane og ei innstramming i reglane.

Talet personar som tek opp eller tek nye eksamenar for vidaregåande skule, har skote i vêret dei siste åra. I Oslo har til dømes talet eksamensoppmeldingar vorte nesten tredobla dei siste fem åra, frå dryge 17.000 i 2007 til i underkant av 46.000 i 2012, skriv Aftenposten.

Blant anna foreslår direktoratet ein kraftig auke i gebyra: Å ta eit nytt fag skal koste rundt 1.000 kroner, mot 367 i dag. Å ta opp eit fag skal koste rundt 2.000 kroner, mot 752 i dag.

Privatistar som tek eksamen i eit fag fleire gonger, skal ikkje kunne velje den beste karakteren. Karakteren på siste avlagde eksamen blir ført på vitnemålet.

Det skal heller ikkje vere mogleg å ta opp eit fag som privatist medan ein framleis er elev på vidaregåande og føre opp den nye karakteren på det såkalla «primærvitnemålet».

Det skal òg bli vanskelegare for vidaregåande elevar å melde seg av eit fag for å bli deltidselev og ta faget som privatist i staden. Mange elevar har til dømes valt å ta gym som privatist. Det er Kunnskapsdepartementet som har bede Utdanningsdirektoratet om å gå gjennom ordninga og kome med endringsforslag. (©NPK)

Her får du tips til eksamen!