Vibekes beste tips for å kome i form

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vibekes beste formtips

Nytt år betyr nye nyttårsforsett, og for mange går nyttårsforsetta ut på å bli slankare, koma i betre form eller å bli sunnare.

– Men korleis kan du eigentleg måle dette? spør Vibeke Vigdal Øren.

Nedst i saka finn du fire gode råd til korleis ein kjem i betre form og tek vare på han.

Ho er utdanna personleg trenar og har fleire år bak seg på Årdal Gym som gruppetreningsinstruktør. I tillegg studerer ho fysioterapi på Høgskolen i Bergen. Med andre ord, ho veit kva ho snakkar om når ho seier føgjande:

– Tingen med motivasjon er at han er lett å få, men langt vanskelegare å halde på. 

LES OGSÅ:Hald ut i starten

Begrensingar
Jula er over, og for mange betyr jul god mat og drikke. Men det er nok heller få som prioriterer ein ekstra runde rundt juletreet framfor å kose seg med julesokken. 

– Eg likar eigentleg ikkje å sjå på det som feil å kosa seg i jula. Du kan ikkje nekte deg sjølv dei godene juletida byr på, men det du derimot kan er å bruke sunn fornuft og begrense deg, seier Vigdal Øren.

Artikkelen held fram under biletet.

MOTIVERT: Motivasjonen er lett å få, men vanskeleg å halde på, seier Vigdal Øren. Foto: Privat.

– Julekiloane kjem fort, og det er viktig å vere klar over at du faktisk ikkje treng å gjere vegen tilbake til trivselsvekta vanskelegare enn han treng å vera. All aktivitet er betre enn ingen. 

Trening og kosthald

Heldigvis er ikkje dei ekstra kiloane etter jul dei verste å få vekk, så lenge ein veit korleis ein skal gå fram og er motivert. Du treng faktisk berre å tenkja på to ting.

– Det første er at du bør vera i fysisk aktivtet og bruka kroppen din, gjerne på andre måtar enn tidlegare. Om du kjenner at dette er året du vil gjere noko skikkeleg bra for kroppen din, kan du melde deg inn i eit treningssenter, bli med i ei løpegruppe, prøve ut ein ny sport eller lignande, seier 20-åringen frå Årdal.

– Ting nummer to er, som du kanskje allereie har skjønt, kostholdet. Kroppen din har utruleg godt av ein fresh start etter all julematen. Et mykje frukt og grønnsaker, grove kornprodukt, proteinrike matvarer som reint kjøt, egg, kyllingfilet, fisk, magre meieriprodukt og sunt feitt fra nøtter, avokado, olje og andre matvarer.

LES OGSÅ:Treningslyst kan styrast

– Livet er for kort for diett

Ho åtvarar mot å kaste seg over den nyaste dietten eller hylla med nutrilettbarar, då dette berre fungerer i ein liten periode om gongen.

– Livet er for kort til å bruka på diett når det finns så mykje sunn og god mat.

Artikkelen held fram under biletet.

SUNNE ALTERNATIV: 20-åringen meiner livet er for kort for diettar når det finns så mykje sunn og god mat. Foto: Privat.

Men for enkelte er trening noko heilt nytt, men til dei har 20-åringen ei gladnyhende å koma med.

– Det er nettopp hos nybyrjarar ein raskast kan sjå resultat på trening! Studium viser til dømes at personar som gjennomfører styrketrening 2-3 gongar i veka med riktig treningsbelastning, vil kunne forvente ein styrkeauke på 1% mellom kvar einaste treningsøkt. Viss ikkje det er motivasjon, så veit ikkje eg.

Unnskyldningar

For mange startar det bra, men etter kvart sklir dei sunne rutinane ut og vert erstatta med dei gamle. Vigdal Øren forklarar årsaka til dette med så enkelt som at freistinga blir større enn motivasjonen.

– Det er ingen løyndom at sukker er eit avhengigheitsskapande stoff, og når ein først har fått det i kroppen, vil det gjera det vanskelegare å halde seg unna godteskåla. Me er også litt for flinke til å lage unnskyldningar for oss sjølve.

Er du ein av dei som treng gode råd og tips for å kome i gong, bør du lesa Vibekes beste tips for å halde fokus på dei aktive og sunne måla du har sett deg for 2015.

LES OGSÅ:Treninga med livet

Les saka i Porten!

Kva er dine beste råd til å kome i form og halde seg der? Legg dei igjen i kommentarfeltet til andre sin nytte.

Faktaboks

Fire gode råd og tips

1. Set deg eit heilt spesifikt mål!Her held det ikkje med «å komme i form» eller «å bli sunnare», for korleis kan du eigentleg måle dette? Det du trenger er eit mål som du heile vegen kan måle framgang mot, til dømes det å gå ned to buksestørrelsar før sommaren eller å gjennomføre 5 km på 20 minuttar. Med slike mål kan du samanlikna resultata dine med målet ditt og gleda deg over å sjå at vegen å gå stadig blir kortare og kortare. Det er heller ikkje vits i å sette seg 20 mål som du eigentleg veit at du ikkje vil nå, men fokuser heller på nokon få, og gjer det skikkeleg.

2. Ut ifrå måla dine bør du også sette opp delmål, noko som vil hjelpe deg med å holde innsatsen oppe fra første stund. Dersom du for eksempel skal ta 80 kg i benkpress innan året er omme, er det veldig lett å tenke at du har god tid, og du kjem kanskje ikkje skikkeleg i gang med treningen før august (dersom du ikkje har gløymt målet heilt!). Mitt råd er difor å dele målet opp: Lat oss seie at du klarar 50 kg ved oppstart i januar. Du skal då klare å ta 60 kg i mai, 70 kg i august og 80 kg i desember. Det same gjeld dersom målet er vektnedgang: Set opp totalt antal kilo du vil gå ned og del det opp i delmål.

3. Legg ein slagplan! Du når sjeldan mål uten å ha ein klar plan for korleis du skal klare det, spesielt ikkje innan trening og kosthold. Dersom målet er å halde godteriet til laurdagskvelden, kan planen vere så enkel som ikkje å kjøpe godteri før laurdag ettermiddag. Er det ikkje i skapet, finn det heller ikkje vegen til magen din. For spesifikke treningsmål kan det vere lurt å oppsøke nokon med kvalifikasjonar til å setja opp eit treningsopplegg som garanterer resultat, til dømes ein personleg trenar. Du kan også utfordre deg sjølv til å gjere det på eiga hand. Gjer da litt research og sørg for at du har litt peiling på kva du driv med, og kos deg med all kunnskapen du får på vegen.

4. Hugs på grunnen til at du vil det.Motivasjonen kan holde seg gjennom januar, du kan kanskje til og med presse deg gjennom treningsøkter til slutten av februar, men med ein gang du gløymer grunnen til at du satte deg målet i utgangspunktet vil du også slutte å bevege deg mot det. Vil du få inn tre treningsøkter i veka på grunn av overskotet det gir deg i kvardagen? Vil du ete meir grønsaker fordi du innst inne veit kor bra det er for kroppen din? Vel, skriv det ned! Dette gjer det lettare å hugse på, for det er trass alt eit heilt år du har føre deg.