Varmaste mai i manns minne
Førre månad er den varmaste maimånaden som er målt i verda.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser nye tal frå National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) i USA.
Dei globale overflatetemperaturane i mai i år låg 0,87 grader høgare enn gjennomsnittet for mai månad i førre hundreår, viser månadsrapporten frå NOAA.
LES OGSÅ: Klar varmerekord for 2014
Temperaturen er den høgste som er registrert hittil for mai månad i måleseriane, som går heilt tilbake til 1880. Førre rekord blei sett i mai i fjor.
Fjorårets temperaturstatistikk viser samtidig at 2014 samla sett er det varmaste året som hittil er målt. Inneverande år ligg førebels godt an til å slå denne rekorden. (©NPK)
LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar

Perioden januar-mai 2015 er den varmaste som er registrert sidan 1880. FOTO: NASA/GIS