Ungdommens val

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kan vera ein joker

Den skotske folkeavstemminga med historisk gjenklang og mest truleg rekordhøgt oppmøte skjer i dag. Skottane skal svara ja eller nei på spørsmålet; «Skal Skottland bli eit sjølvstendig land?»

I den aller siste innspurten er det mogleg at dei yngste av stemmegjevarane kan bli avgjerande. I folkeavstemminga får 16- og 17-åringane stemma – og dei kan vera ein joker.

LES OGSÅ: Kvifor vil Skottland ut av Storbritannia?

Lite nei-fleirtal
I den siste målinga gjort av YouGov for The Sun, var nei-sida tilbake til eit knapt fleirtal, etter at ja-sida sneik seg forbi på målinga tidlegare i september. I denne målinga sa 52 prosent nei, medan 48 sa ja. Ut i frå målinga spår YouGov at det er 80% sjanse for at unionen held, skriv The Daily Telegraph. Målinga er den største gjort så langt.

LES OGSÅ: Meiningsmåling: Skotsk fleirtal for sjølvstende

Unge vil ut
I meiningsmålingane gjort tidlegare har dei unge vore meir positive til eit sjølvstendig Skottland. Det gjeld og 16- og 17-åringane, men dei er i tillegg vanskelege å ha kontroll på.

– Dei er vanskelegare å få tak i og meir usikre i sitt syn. I tillegg har ein ikkje nokon tidlegare referansepunkt på dei, og dei blir vanskelegare å måla, forklarar Øivind Bratberg, postdoktor ved UiO. Han følgjer folkeavstemminga i Skottland tett.

Men sjølv om det er vanskeleg å spå kva 16- og 17-åringane vil velga i dag, tvilar Bratberg på at det er denne gruppa som vil avgjera.

– Dei har hatt ein tendens til å vera meir for uavhengigheit, og det kan ha ein effekt. Men hugs at det er to små årskull me snakkar om, og samanlikna med andre grupper skal det mykje til at 16- og 17-åringane avgjer resultatet.

LES OGSÅ: Ein blodig fin by

Mykje usikkert
At ungdommen kan påverka utfallet som blir klart i morgon tidleg, utplukkar likevel ikkje postdoktoren.

– Heile gruppa mellom 16 og 29 kan vera usikkert, dei er meir positive til sjølvstende. Som samla blokk kan dei ha ein effekt.

Han legg til at andre grupper som kan avgjera kan vera kvinnene og dei som stemmer på Labour. Begge gruppene vore på nei-sida lenge, men har bevegd seg sakte mot ja. Likevel er fleirtalet av kvinnene framleis for eit samla Storbritannia, skriv The Daily Telegraph.

LES OGSÅ: Dette kan skje med eit sjølvstendig Skottland

Positiv ungdom
Nei-sida, leda av «Better Together» og den tidlegare finansministeren Alistair Darling, har fått mykje kritikk for å vera for negative. Det kan vera mykje av grunnen til at ungdommen heller mot eit ja, meiner Bratberg.

– Mykje ligg i optimismen og framtidstrua, tanken om å bygga noko nytt og eige. Det har blitt knytt mykje positivitet til ja-sida, og det treff nok særleg dei unge. Dei har og eit mindre historisk forhold til unionen og det britiske, det kan påverka, seier Bratberg.

I heile dag går skottane til valurnene, og det er forventa at så mykje som 80 prosent av innbyggarane med stemmerett skal stemma. Svaret kjem i morgon tidleg, og blir historisk same kva utfallet er, meiner mange.

Les meir utanriks hos Framtida.no

Faktaboks

I dag, 18. september, er det folkeavstemming i Skottland.

Skottane skal svara ja eller nei på spørsmålet om dei vil bli eit sjølvstendig land.

Lenge virka det utenkjeleg at svaret skulle bli ja, men i dei siste målingane har det vore daudt løp.

Stemmeretten har blitt utvida til 16- og 17-åringar i folkeavstemminga. Denne gruppa er ekstra vanskeleg å halda styr på.

Ungdommen heller generelt mot eit ja. Mykje av grunnen til dette er optimismen til ja-sida, meiner Øivind Bratberg ved UiO.

Svaret på folkeavstemminge kjem fredag morgon, 19. september.