Ungdom mot kommunesamanslåing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Bladet Sunnhordland

Ungdomsråda i Stord og Fitjar har lenge hatt kommunestruktur på dagsordenen, og konklusjonen er klar: Ungdommane vil helst at kommunestrukturen blir som i dag.

– Me vil ikkje ha nokon storkommune i ytre Sunnhordland, slår Ingrid Skår Bergesen og Sunniva Grov Framnes fast.

Kommentar: Folkemøte utan folket

Skår Bergesen er leiar i Fitjar ungdomsråd, og Grov Framnes er styremedlem i Stord ungdomsråd.

Dårlegare busstilbod
Dei fryktar tilbodet til ungdommen blir dårlegare dersom det blir storkommune i Sunnhordland.

– Det vil føra til meir pendling og dårlegare aktivitetstilbod. Busstilbodet, som er dårleg alt i dag, vil truleg også bli dårlegare, meiner dei to ungdomsrådsmedlemmene. 

LES OGSÅ: Fem om kommunesamanslåing i Fitjar

Ungdomsråda i Stord og Fitjar kjenner kvarandre og samarbeider godt. Mindre einingar, dvs. ein kommune på Stordøya i staden for at fleire kommunar slår seg saman, er heller ikkje noko ungdommane vil.

– Ungdommane i Fitjar har det godt. Me har eit rikt aktivitetstilbod, som me fryktar vil bli raste om Fitjar endar i lag med Stord. Stord vil bli den dominerande parten, fryktar Skår Bergesen. Og får støtte frå Stord-hald.

– Me også tenkjer slik. I kommunestrukturdebattar verkar det som politikarane først og fremst tenkjer på seg sjølv og eigen kommune. Me ungdommar tenkjer på alle. Difor støttar me Fitjar-ungdommen i det synet, seier Grov Framnes.

Desse synspunkta er ikkje noko som berre medlemmene i ungdomsråda meiner. Dei har vore rundt og hatt spørjeundersøkingar og samtalar med mange elevar på ungdomsskular og vidaregåande skule.

– Ei kommunesamanslåing må føra til noko betre enn det er i dag. Det kan me ikkje sjå det vil gjera, uttalar dei to ungdomsrepresentantane, som meiner at politikarane bør ta ungdommane si meining på alvor.

Størst motstand i Fitjar
Både Stord og Fitjar ungdomsråd er aktive, og føler dei blir lytta til. Men dei fryktar at ungdommane sin påverknad blir mindre i ein storkommune.

– Ein kommune, eitt ungdomsråd. Dess større tilhøva er, desse mindre blir me lytta til, fryktar dei to.

LES OGSÅ: Ap-Aarskog meiner dei vert trua til samanslåing

Ungdomsrådet i Fitjar engasjerte seg sterkt, og fekk mange positive tilbakemeldingar for jobben dei gjorde under det opne kommunestukturmøtet i Fitjar for ein månad sidan. ungdommane på Stord har ikkje engasjert seg like mykje.

– Motstanden er nok størst blant ungdommar i Fitjar. På Stord er det mange som ikkje bryr seg så mykje om det, men me merkar at motstanden er stor også på Stord, seier Sunniva Grov Framnes.

LES OGSÅ: Dette fryktar Fitjar-ungdom skal skje om dei vert ein del av Stord